• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Marsteinen fyr

Marsteinen fyr (Helge Sunde).

Kjem du sjøvegen til Hordaland og får landkjenning i Austevoll, ved Marsteinen og den gamle uthamna Bakkasund, eller ved Selbjørnen, der skottar og hjeltlendingar gjennom hundreåra har kome inn frå havet, på veg til Bergen eller til fjordbygdene, møter du først det barske, karrige kystlandskapet. Korsfjorden er ei hard fjordstrekning i uvêr – i mellomalderen vart denne fjorden talande nok kalla «Hardsjo».

Kontrasten mellom dette gråsteinsriket og det grøne frodige fjordlandskapet var ei landskapsoppleving som fascinerte Hans E. Kinck, slik han møtte vestkysten i 1880-åra, då han og familien flytte frå Setesdal til Strandebarm. Ved rekka på dampskipet opplevde han kysten for første gong, der fjorden opnar seg mot bygdene innanfor. Dei kvite husa langs fjordane var sjølve Vestlandet for han. I «Vestlands­hus» minnest han denne reisa:

«… og det indtryk fjordens bebyggelse gjorde paa mig, første gang jeg som tiaaring en regngraa og sur sommerdag med øiet aat mig indover fra grend til grend i det nye land. Jeg kom dit dengang fra øverst i Sætesdal, jeg kom fra mørkebrune, næsten svarte tømmervegger og torvtak. Det indtryk gjentok sig imidlertid hver ny gang, jeg reiste indover fjorden. Naar en fra en slik dal, eller fra østlandet, komer stimende paa dampbaaten dit ind fra kysten, er det først de lune, snehvite hus som slaar en. De begynder langt ute, næsten i havgapet – ytterst i Tysnes og endaa længer ute … Sletten, Bømmelen, Moster – et av kulturcentrene i vor forhistoriske urold, i broncens tid – med de graa tarefrynsede berg, som sjøsalt dynning brusede og sirklende slikker og sliper, med de grønne dyrkede sprækker…».

Han kom nok sjøvegen til fjordbygdene både gjennom Hardangerfjorden og Bjørnefjorden, Kinck, i åra etter at han flytte heimanfrå og drog til hovudstaden for å studera. Bjørnefjordbygdene og Strandebarm var ettertrakta landskap for dei mange «landliggere» som den nye dampskipsferdsla førte med seg til distrikta kring Bergen.

Det området vi idag kallar Midthordland er ei ung administrativ eining, frå 1848, då Midthordland sorenskrivardøme vart skilt ut frå Nordhordland, i hovudsak samanfallande med den geistlege inndelinga i Midthordland prosti. Før dette høyrde Sotra og Øygarden til Sotra og Herdla skipreider i Nordhordland futedøme, medan Framnes skipsreide – den gamle Os kommune, som omfatta Os, Samnanger og nordre del av Fusa – høyrde til Sunnhordland. Det same gjorde Strandvik skipreide, dei solide bondebygdene sør for Fusa – mellom dei beste jordbruksbygdene i fylket.

Bjørnefjordsbygdene høyrde såleis til Sunnhordland heilt fram til 1848. Står du på Kleppe ovanfor Baldersheim i Fusa, fangar auga ditt inn eit mektig fjordpanorama, der den breie Bjørnefjorden opnar seg mot vest, med Austevoll som ein låg voll i horisonten, mot havet. I sør ligg Tysnes, delt i to skipreide: Uggdal (Opdal) i sør og Våge i nordvest, som høyrde til Våg skipreide, saman med Fitjar og Austevoll. Fram til 1848 var denne skipreida ein del av Sunnhordland, og heilt fram til 1964 høyrde Selbjørnen til Fitjar Kommune. Dette er grunnen til at austevollingane idag, både kulturelt og administrativt, kjenner seg knytta til to regionar: Sunnhordland og Midthordland. I dialekten høyrer kystbygdene i hop, frå Fitjar til Fjell.

Det er eit gammalt kultursamband mellom Bjørnefjordsbygdene. Eit talande uttrykk for dette er båtbyggingstradisjonane. Frå vikingtida, gjennom mellomalderen og i seinare hundreår har båtbygginga halde seg i tradisjonen; den treborda færingen som står så nær småbåtane i Gokstadskipet. Frå fleire kjelder veit vi at det vart eksportert store mengder småbåtar til Shetland frå Tysnesbygdene; «hjeltebåtar» – ein eksport som varte ved fram til 1800-talet. Og bygging av den smekre og slanke trebordingen fekk ei ny oppbløming som attåtnæring i os­bygdene på 1700-talet; mange av dei vart bygde i nausta ved Oselva. Det er dette som har gjeve namn til Oselvaren, ein av dei mest vidgjetne norske småbåtane – ein verdig representant for handverkarane i fjordbygdene.

  • Munksgaard, J. H. (1982) Bebyggelse og næringsgrunnlag: trekk fra arkitekturen i Ytre Midthordland i første halvdel av forrige århundre. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 115-140.