• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dale

INDUSTRISTADEN DALE

I 1870 byrja eit omskifte i eigartilhøva. Industrien var i kjømda på garden Dale. Konsul Peter Jebsen, grunnleggjaren av tekstilfabrikkane i Ytre Arna, fekk i 1873 kjøpa nokre av fossefalla øvst i Daleelvi. Han var i ferd med å byggja ein ny tekstilfabrikk. I 1879 vart dei første tomteareala på i alt 30 mål eksproprierte, og seinhaustes 1879 var den første store bomullsfabrikken i drift. Samstundes vart det oppført fire store arbeidarbustader langs nordsida av den noverande hovudgata, og nokre år seinare vart styrarbustaden og gassverkanlegget oppførte. Jernbanen fekk sjølvsagt mykje å seia for den nye industristaden. Vossebanen opna i 1883, og heile strekninga Oslo-Bergen vart opna i 1909. I 1904 gjekk drifta over til å verta aksjeselskap som fekk namnet Dale Fabrikker A/S. Ullvarefabrikken – Dale of Norway – er framleis i drift. Ullgarn og ullplagg av høg kvalitet får si utforming her; design av internasjonal klasse til NM, VM og OL.

Arbeidarbustadene langs hovudgata på Dale skal vernast som kulturminne.