• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dale kraftverk

Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) eksproprierte i 1923 store areal til kraftanlegg, og utbygginga av vasskrafta byrja like etter. Dale kraftverk, med dei to første aggregata på 14 MW kvar, vart teke i bruk 17. november 1927. På inntaksdammen i Storefossen vart det då støypt 5152 kubikkmeter, og det vart bygt ein moderne og velutstyrt kraftstasjon.

Denne stasjonsbygningen er ein «kraftverkskatedral» som låner formspråket sitt frå ein arkitektur med symbolinnhald og status. 

Det vart bygt fjernleidning til Bergen via Stanghelle, Osterøy, Romslo og Haukeland, til Ramneberget. Storarbeidet på Dale samla til tider store anleggsstyrkar; i 1925 om lag 130 mann. Kraftutbygginga i Bergsdalen heldt fram, basert på regulering av Torfinnsvassdraget i 1932 og Hamlagrøvatnet i 1924. I 1948 vart Storefossdammen påbygd, og i 1990 stod ein ny kraftstasjon ferdig, med driftstunnel og eit aggregat på 110 MW.

Det er denne som har avløyst kraftverket frå 1927, som har sin plass mellom tekniske kulturminne i Hordaland, saman med Gåssand i Os, Hummelfossen i Masfjorden og Tyssedal i Hardanger.