• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Terskelsjøen ved Ekse

Terskelsjøen ved Ekse, kanskje det mest studerte terskelbassenget i Noreg. (Sveinung Klyve)

KRAFTUTBYGGING OG VASSDRAGSFORSKING

Vassføringa ved utløpet av Ekso i Eidsfjorden er halvert etter den store kraftutbygginga i fjellområda mellom Modalen og Eksingedalen og vidare sørover mot Evanger på 1960-, 1970- og 1980-talet. For å bøta på dei endra miljøtilhøva i vassdraget bygde utbyggjaren 35 små demningar i elva.

Demningane syter for at vatnet i elva blir halde attende i grunne terskelbasseng. I Eksingedalen har det vore forska mykje på den biologiske effekten av dette tiltaket. Det var særleg terskelbassenget ved Ekse, 560 moh., som vart grundig overvakt. Med jamne mellomrom blir vatnet hausta for småaure for å unngå for mykje fisk. Terskelsjøane er slik eit slags «oppdrettsanlegg » for pålagde aureutsetjingar i magasin der den naturlege formeiringa blir hindra av kraftreguleringane.

Vasskvaliteten er god og vatnet mindre surt i dei øvre delane av vassdraget, ettersom det mellom anna er fyllitt og glimmerskifer i berggrunnen der vatnet kjem frå. Lenger nede i vassdraget er fjellet hardare og bufferevna mot forsuring dårlegare. Uheldigvis for levande liv i Ekso vart mykje av nettopp det beste vatnet ført ut frå vassdraget i 1970-åra. 38 % av det naturlege nedbørsfeltet vart overført til Vosso.

Seinare, i 1987, vart òg dei nedre delane av vassdraget regulerte. Myster kraftverk tek no vatn mellom anna frå Nesvatnet. I periodar, når all tilrenninga til Nesvatnet går gjennom tunnel til kraftverket, er vatnet på elvestrekninga mellom Nesvatnet og utsleppet frå kraftverket dominert av dei små sideelvane. I sideelvane er vasskvaliteten vesentleg dårlegare enn i Ekso ovanfor Nesvatnet, somme stader med pH-verdi heilt ned mot 5,0 i periodar. Sidan 1997 har derfor den nedre delen av Ekso vore kalka.

Ein del andre vatn og vassdrag i Vaksdal har vore påverka av forsuring og har fått tilført kalk. I 2001 vart 21 innlandsvatn i kommunen kalka. Ingen andre kommunar i Hordaland har fått så mykje midlar til kalking som Vaksdal dei seinare åra.

  • Kart over Eksovassdraget

Kart over Eksovassdraget.(BKK/J.W.Gray/Eva Bjørseth)

  • Det er fleire måtar kalk blir tilført vassdrag i Hordaland på, mellom anna ved hjelp av helikopter

Det er fleire måtar kalk blir tilført vassdrag i Hordaland på, mellom anna ved hjelp av helikopter, som her frå Vaksdalsfjella. (Sveinung Klyve)

  • Helge Bergo tynnar ut aurebestanden i Bergovatnet

Helge Bergo tynnar ut aurebestanden i Bergovatnet. (Sveinung Klyve)

  • Lodnebergknapp

Lodnebergknapp

Lodnebergknapp har fått namn etter dei mange små kjertelhåra som dekkjer heile planta. Blada er tjukke, saftige og pølseforma, som på dei andre bergknappartane. Arten veks på fuktige berghyller og ved kjelder, men han er liten og ikkje lett å få auga på. Dessutan er han sjeldsynt i vestlandsfjella. Lodnebergknapp veks i fyllittområdet ovanfor Gullbrå, gjerne saman med gulsildre, raudsildre og andre kravstore fjellplanter. (Bjørn Moe)

  • Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. Fakta om Eksingedals- og Teiglandsvassdraget. Informasjonsbrosjyre.
  • Rapport fra Eksingedalsseminar i 1989 og NVEs sluttrapport frå Etterundersøkelsesprogrammet.