• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Flatekvål

Den vide sletta på Flatekvål er ei gammal elveslette som låg framom breen på slutten av siste istida. (Svein Nord)

DALEN MED DEI MANGE BREELVSLETTENE

Eksingedalen vekslar mellom breie, flate elvesletter med godt jordbruksland og tronge parti med fossestryk, der vegen klamrar seg til fjellsida. Vekslinga i landskapet er eit resultat av gravearbeidet til breen gjennom fleire istider, og deponeringa av breelvmassar då den siste breen til slutt smelta attende.

Det er ikkje berre U-dalar som kjenneteiknar breforma dalar. Sidedalane munnar ofte ut mykje høgare enn hovuddalen, som hengjande dalar. Lengdeprofilet av dalane er trappeforma, med trau og tersklar. Traua kan vera små innsjøar, eller dei er fylte med sediment, som no dannar elvesletter. Tersklane skaper fossar eller stryk der elva kastar seg utfor (eksa tyder «kasta seg utover»).

Eksingedalen har alle desse kjenneteikna på ein breforma dal. Sidan elvane i Eksingedalen i dag fører lite sand og grus med seg, kan ein spørja korleis elveslettene oppover dalen då vart bygde opp.

For å finna svaret må vi tilbake til slutten av den siste istida. Før elveslettene i Eksingedalen vart danna, kalva brefronten opp i fjorden og stogga først ved Nordheim, der havet stod om lag 60 meter høgare enn i dag, og noko seinare ved Eikefet. Terrassen ved Eidslandet vart avsett på denne tida. Desse sandavsetjingane har vorte nytta til uttak av sand gjennom mange år, slik at store delar av terrassen er fjerna. No er sanddrifta flytta til Eikefet.

Då breen smelta attende vidare oppetter dalen, gjorde han fleire korte stogg. For kvar stogg vart det avsett store mengder sand og grus i grunne elvar framom breen. Elvane bygde opp store sletter, eller sandursletter, som geologane kaller dei. Resultatet viser att som store, jamne flater med lausmassar ved Løland, Eikemo, Høvik, Vetlejord, Flatekvål, Lavik og Nesheim.

Den største breelvsletta ligg ved Lavik. Ho er 2,5 kilometer lang og 150 meter brei, og vart avsett då brefronten låg ved munningen av Fagerdalen. Like nedanfor ligg store kampesteinar i overflata. Dei vitnar om enorme vassmengder under avsetjinga.

  • Profil av brefrontposisjonar og breelvsletter då isen trekte seg attende frå Eidslandet og innetter dalen på slutten av den siste istida

Profil av brefrontposisjonar (bøygde linjer) og breelvsletter (gul) då isen trekte seg attende frå Eidslandet og innetter dalen på slutten av den siste istida. (Rune Aa/Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Aa, A. R. 1974. Isavsmeltinga i Eksingedalen og områda omkring. Upublisert hovudoppgåve, UiB,1974.
  • Aa, A. R.; Mangerud, J. 1981. Glasialgeologi og vegetasjonsinnvandring i Indre Nordhordland, Vest-Norge. Norges Geologiske Undersøkelser: 33–75.
  • Fylkesmannen i Hordaland 1991. Utkast til verneplan for våtmark i Hordaland. Rapport.