• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gullbrå, Vaksdal

Frå skriftlege kjelder veit vi at garden Gullbrå var i bruk tidleg på 1600-talet. Apostelkyrkja i Bergen åtte jord her som dei bygsla bort, men noko av jorda var alt på 1600-talet i privat eige. Eksingedalen høyrde då til Modalen kyrkjesokn, som låg under Hamre prestegjeld. I 1723 hadde framleis Apostelkyrkja eigedomar her, og Ivar og Lars var brukarar.

På slutten av 1700-talet var det vorte fleire sjølveigarar på Gullbrå, og tidleg på 1800-talet åtte alle brukarane gardane sine sjølve. Då hadde garddelinga utvikla seg steg for steg til eit klyngjetun, og dette stod ved lag heilt til utskiftinga i 1957. I 1959 vart Gullbråtunet registrert og oppmålt, slik at vi har god dokumentasjon om dette uvanleg interessante tunet. I dag er dei fleste av bygningane som framleis stod i 1957, borte eller ombygde, men enno står det bygningar frå det gamle tunet.

Husa på bruk nr. 3 er bygde i hop av ei stove på høg kjellar, «Steinstovo», og ei tradisjonell grindverksløe. Behovet for å kunna gå innanhyses mellom bustadhuset, løa og floren, er lett å forstå når ein tenkjer på dei tunge snøvintrane i denne fjelldalen. Høge steinmurar og svære kantstilte steinheller som verna husa innanfor, har vore nødvendige når snøen låg meterhøg i tunet. Skikken med å ha husdyr i kjellaren under stova, for å utnytta varmen frå husdyra, kjenner vi også frå andre snørike regionar.

  • Daovestova, Gullbrå

Daovestova, Gullbrå. Snitt gjennom stova, vetlastova og løa. Flor og sauefjøs ligg under bustadromma (Nils Georg Brekke).