• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hana

Ved Hana finst ein liten førekomst av kleberstein. Han skil seg noko frå andre klebersteinslag i fylket, ettersom han har innslag av klebersteinskonglomerat. Det gir steinen ein særs vakker utsjånad. Sjølve brotet, som var i drift på slutten av 1800-talet, ligg i ei bratt skråning 80 meter over fjorden. Steinen er mellom anna nytta til fundament for Gejersmonumentet i Uppsala, og meir lokalt rundt vindauge og dører i Årstad kyrkje og i Bergen Børs, i tillegg til sokkelen på Holbergsstatuen på Vågsallmenningen.