• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Halsringer

HALSRINGAR FRÅ HØVIK

Ein dag i 1941, då bonden på Høvik heldt på med våronna, fekk han brått 4 sølvhalsringar som hang i hop, på harva. Ringane er laga av tvinna sølvstenger og mellom kvar tvinning er det lagt tynne, dobbelsnodde sølvtrådar. Halsringane kunne låsast med ein hektelås. Storleiken på dei varierer frå 11,8 til 14,8 cm i diameter. Kva var så meininga med å leggja desse kostesame sølvsakene i jorda?

I vikingtida var sølv det vanlege betalingsmidlet, gjerne utforma som vridde eller fletta armringar og halsringar. Desse vart nytta som smykke, men var eigentleg ein formue i kontant metall. I urolege og usikre tider har ofte eigaren prøvt å løyna verdiane sine. Denne sølvskatten har opphavleg vore gøymd i myr mellom to hamrar, ikkje langt frå ein veg, der eigaren visseleg tenkte å koma attende. I 1000 år låg dei i jorda, før dei igjen såg dagens lys.