• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Moastølen

TROLLSKOGEN PÅ MOASTØLEN

Vandrar vi på den gamle militærvegen frå Småbrekkene i Bergsdalen og innover i fjellet, kjem vi til Moastølen etter om lag 2 kilometer. Bøane ligg på tjukke lag av lausmassar. Lausmassane kjem frå Moagjelet, det store elvegjelet like ovanfor stølen. Desse massane gir god grobotn for skogen – bjørkeskogen er derfor mykje frodigare på Moastølen enn i det skrinne fjellområdet like ved. Mange av trea er uvanleg grovvaksne, med stammediameter på opptil 70 centimeter. Fleire stammer er morkne i veden, eller heilt uthola. Alderen er uviss, men det er ikkje utenkjeleg at somme tre er over 200 år gamle. Bjørka har fått utvikla seg fritt, og nokre av trea har til slutt brote saman av alderdom.

Det er sjeldan å sjå slik tilårskomen bjørk, særleg i nærleiken av eit stølsområde. Det var støling på Moastølen fram til 1910, og dyra må ha beita mellom dei gamle bjørkene. Då drifta på stølen tok slutt eller beitinga vart redusert, byrja skogen å gro att. Den nye generasjonen bjørk står derfor mykje tettare enn dei om lag hundre «oldingane» i trollskogen.