• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skreien

VAKSDALSTEIN TIL BERGEN

Frå slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet vart store mengder stein frå brot langs Sørfjorden og Veafjorden frakta til Bergen. Verksemda er for lengst slutt, men vaksdalstein frå Skreien, Hananeset og Stamnes vil for all tid pryda mange kjende bergensbygg og gater.

På bilturen frå Vaksdal mot Stanghelle er det mange som har lagt merke til dei store, fine flatene i fjellet ved Skreien. I fleire periodar, frå slutten av 1800-talet til første del av 1900 talet, vart det her teke ut skifrig grunnfjellsgneis til bygningsformål. Etter at jernbana kom i 1883, vart det enklare å få transportert steinen til Bergen. Steinen i store bergensbygg, som Vestlandske Kunstindustrimuseum (1896), Den Nationale Scene (1909) og Jernbanestasjonen (1913) (biletet under), er frå Skreien.

  • Steinen i store bergensbygg, som Jernbanestasjonen (1913) er frå Skreien.

Steinen i store bergensbygg, som Jernbanestasjonen (1913) er frå Skreien.

  • Heldal, T.; Jansen, Ø. 2001. Steinbyen Bergen. Fortellingen om brostein, bygg og brudd. Nord 4.