• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sæbøtunet i Etne, 1934

Sæbøtunet i 1934 (foto: H. Vreim, eigar Riksantikvaren).

Når du kjem inn i det velstelte tunet på Sæbø, like ovanfor Etne sentrum, opplever du inntrykket av ein sunnhordlandsgard lenge før traktoren si tid; frå hesten og ljåen sin tidsalder. Tunet på Sæbø, ein av grannegardane til Gjerde, vart overteke av Sunnhordland Museum i 1938.

Sæbø er den einaste av gardane kring Gjerde som ikkje vart delt i fleire bruk. Eit skifte frå 1799 reknar opp 15 hus på garden: to røykstover, bu, eldhus, stabbur, bakebu, fjøs, løe, smalahus, stall, møkaskut, vedskut, vedskykkje, kvern og smie. Kor mange av desse bygningane som stod i hop, veit vi ikkje, men fleire av dei kan ha høyrt til vilkårsfolket. I dag står det att 10 hus på garden. Bakebua (truleg eit eldhus) er borte, og kårhuset - ei samanbygd røykstove og bu - vart flytta til ein annan gard. Stovehuset som står i dag, er bygt saman av ei røykstove og ei glasstove, med gjesteseng og kleskister i første høgda og sengestad for born og tenarar på lemen.

Tunet på Sæbø er delt i eit inntun og eit ut-tun. Her står folgeløa (vilkårsløa) og ei stor, treskipa stavløe: «svåla-løe». Mellom stavane i grindverkskonstruksjonen og ytterveggene er det svaler på langsidene - ein byggjeskikk som går langt attende i tid.

  • Sæbøtunet i Etne (Svein Nord).

Sæbøtunet

Sæbøtunet (Svein Nord).

  • Moe, T.L. (1988) Sæbøtunet: bygde-tunet i Etne, 1938-1988. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 51-75.
  • Sydnes, K. (1937) Sæbøtunet i Etne: og arbeidslivet der. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 20-28.
  • Sydnes, K. (1950) Gjerdekyrkja i Etne. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 36-41.