• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gamleasken

I fylket vårt finst fire freda asketre. Det største veks ved klosteret på Halsnøy.Denne kjempa har ein stammediameter på 2,5 meter. Stamma er alt anna enn jamn og rett – borken bular somme stader utover, andre stader innover.

Hovudstamma er om lag fem meter høg, og herifrå veks det ut ei rekkje styvingsgreiner. Dei er vel 80 år gamle, og det tyder på at styvinga tok slutt om lag då treet vart freda i 1921. Treet er ikkje skapt til å tola vekta av dei lange, tunge greinene. Dei er ei spesielt tung bør fordi dei veks ut frå det same høgdenivået på stamma. For å bøta på dette vart delar av greinverket kappa ned hausten 1998.

Gamleasken på Halsnøy er den einaste attlevande av fire store asketre som vart skildra av botanikaren professor F. C. Schübeler i 1863. Diameteren den gongen var 1,9 meter. Kor gamalt er treet? Den gamle veden på hovudstamma er truleg så morken at det ikkje finst årringar vi kan telja heilt tilbake til ungdomstida til treet. Vi kan likevel gjetta på på at gamleasken er om lag 400 år gammal.

  • Moe, D. 1999. Den fredete asken (Fraxinus excelsior) på Halsnøy kloster. Årbok for Bergen museum 2000:53–55.