• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ringspennet frå Hatteberg, Kvinnherad

Det rikaste funnet frå vikingtida i Kvinnherad har ikkje lege i noka grav, men vart i 1932 funne nedgrave i ein grusbakke. Der har det venteleg lege gøymt i nær 1000 år. Her er to ringar; ein av gull, ein av sølv og eit stort ringspenne av sølv med ei samla metallvekt på 105 gram gull og 600 gram sølv. Gullringen har eit tverrmål på 8 cm og har vore boren om armen, eller handleden. Sølvringen er ein halsring, vel 20 cm i tverrmål. Ringspennet er ei draktnål, bruka både av kvinner og menn. Ringendane er utforma som plater med rik ornamentikk. Ved rota av platene ser ein to dyrehovud med gapande kjeft. Sjølv om delar av ornamentikken, særleg bandknutane bak dyrehovuda, syner tydeleg påverknad frå irsk ornamentikk, er det liten tvil om at smykket er laga av ein nordisk, og mest truleg ein norsk kunsthandverkar. Stilpåverknaden syner at dei lokale vikingtidskunstnarane våre var vel kjende med sølvsmedtradisjonane på den andre sida av Nordsjøen.