• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rosendalsfjella (Jan Rabben)

MELDERSKIN - EIN GONG EIN NUNATAK?

Melderskin, det ruvande og majestetiske landemerket ved Rosendal, ragar 1426 meter over havet. Sjølve toppområdet på fjellet er jamt, men svakt skrånande. Geologane meiner området er restar av eit svakt bølgjande landskap, som vart utvikla nær havflata, lenge før istidene sette inn.

Desse toppområda, som òg omfattar fjella som Folgefonna ligg på, er restar etter landskapet frå jorda si mellomtid og første del av nytida. Seinare i nytida lyfta landet seg, og elvar skar seg ned. Då dei mange istidene sette inn, vart landskapet forma slik vi kjenner det i dag. Landet var dekt av is i lange periodar, men under den siste istida kan toppane av dei høgaste Kvinnheradsfjella ha stukke opp frå iskåpa som nunatakar, lik dei nakne fjella over Grønlandsisen.

Rundt toppområdet på Melderskin ligg det samanhengande dekke av steinblokker som er forvitra laus av frostsprenging direkte frå fjellet under, det vi kallar blokkhav. Blokkhav finst òg på andre høge fjell i same området,som Gygrastolen, Blåhatten og fjella sørvest for Uskedalen. Desse blokkhavsområda ber ikkje spor etter å ha vore dekte av nokon bre; han ville ha fjerna steinblokkene. Men nedste grensa for blokkhava er ofte skarp, med tydelege merke etter isen sitt arbeid lågare nede.I Sør-Noreg har denne grensa, der ein kan finna henne, vore tolka som høgaste lokale grense for innlandsisen, då han under den siste istida hadde størst utbreiing for 21000–23 000 år sidan.

Melderskin er kringsett av høge stup. På nord-, aust- og sørsida er det velutvikla kubbestolliknande landformer, botnar. Desse botnane er hovudsakleg forma av småbrear. Det har truleg lege brear i botnane gjennom fleire istider. Ved det siste, større breframrykketv under den kalde yngre dryasperioden (11500–12 800 år sidan) avsette isen som låg nord for Bjørndalstindane, fleire side- og endemorenar. Morenerygger like framfor småbreane og snøfennene som ligg i botnane i dag, vart truleg danna under «den vesle istida» på midten av 1700-talet.

Fallvindar og kvervelvindar

Over Folgefonna blir lufta avkjøld. Den kalde lufta, som er tyngre enn den varmare lufta omkring, renn nedover fjellsidene. Det kan gi sterke fallvindar ned Muradalen og Melsdalen. Når det i tillegg kjem kraftige lågtrykk inn mot kysten, og senteret i dei ligg sør for Hordaland, vil det òg bli sterk austavind i høgda. Dei to vindsystema kan til saman gi uvanleg sterk vind ned dalane, ofte med kraftige og hyppige kvervelvindar. Dei blir utløyste av den spesielle topografien i relativ stor høgd over Rosendal og deretter førte med luftstraumen ut mot sjøen, der dei oftast slår ned eit stykke frå land. Vindkvervlane, ofte med orkans styrke, syg opp vatn frå sjøen og ser ut som vassøyler som «går» utover fjorden. Vassøylene har oftast liten diameter, men kan bli både 100 og 150 meter høge.

 

På vegen ut mot sjøen kan einskilde kvervlar koma så lågt at dei kan gjera stor skade på både hus og tre. Hustak har vorte lyfta og førte fleire hundre meter bortover.

50 millioner år sidan

50 millioner år sidan: Toppflata av Melderskin er restar av eit gammalt sletteland. 

22 000 år sidan

22 000 år sidan: Store og små brear grev i den opplyfta flata. 

I dag

I dag 

  • Diesen, M. G. B. 2003. Den vertikale isutbredelse i Kvinnherad under siste istid. Upublisert hovedoppgave, UiB.
  • Fylkesmannen i Hordaland.2003. Folgefonna nasjonalpark med tilliggjande område for landskapsvern.Konsekvensutgreiing og verneframlegg – høyringsutgåve august 2003. Fylkesmannen i Hordaland,MVA-rapport 15/2003.