• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Møkjedalen (Bjørn Moe)

NOREGS STØRSTE BARLIND

Kor gammal kjempa i Møkjedalen på Varaldsøy er, veit ingen, men med sine 11 meter over bakken og heile 5,4 meter i stammeomkrins (målt i 1998) er dette Noregs største barlind.

Barlind veks seint og kan ha mange vekstformer. Normalt er ho éin- eller få-stamma, med brei krone og lange, sprikjande greiner. I Noreg blir ho sjeldan over 10–12 meter, men kan på det meste bli om lag 15 meter høg. Hordaland er særleg rik på barlind og har fleire kjempebarlinder. Slike «gaddar» har ord på seg for å vera svært gamle, men dette kan det vera vanskeleg å underbyggja. Fleire norske barlinder er rekna til å vera 400–600 år gamle. Frå Dei britiske øyane ligg det føre opplysningar om barlinder som skal vera heile 2000 år.

Nærare 20 barlinder er sidan 1930-åra freda som naturminne. Tre av dei veks i Møkjedalen. Det eine treet er nesten daudt, dei to andre er svære og livskraftige. Den største barlinda er, som dei andre freda kjempene, eit hanntre.Treet har ei mektig krone av kraftige, over sju meter lange greiner som kvelvar seg utover. Det ville nok ha vore fleire meter høgare, om ikkje toppen hadde vore broten ned (truleg av snø) fleire gonger gjennom tidene. Stamma er hol, med store sprekkar. Ein kan krypa inn i treet i eit hol heilt nede ved bakken og sjå lyset som siv inn gjennom kvisthola.

  • Blåveis

Blåveis - ikkje berre på austlandet

Blåveis kan vi finna også på Vestlandet, om enn i eit nokså avgrensa område. Han veks i Kvinnherad og Kvam i Midtre Hardanger, men ikkje i Voss og Ulvik, som har eit klima meir likt det vi finn på Austlandet. Mange planter som er typiske for Austlandet, finn vi berre i indre strøk av fylket. Kvifor det er slik, har ein ikkje forstått skikkeleg. Ei forklaring på at blåveisen trivst så godt berre i ein mindre del av Hardanger, kan vera at det er mykje kalk i berget nettopp her.

 

I strøka mellom Tørvikbygd og Gjermundshamn, og ikkje minst på Varaldsøy, er det blåveis mange stader. Han veks ofte på laus jord i bergskorer og på hyller, særleg på glimmerskifer som forvitrar lett, og der det er liten konkurranse frå annan vegetasjon. Blåveis veks ofte ved bekkekløfter og gjerne i rikelege mengder. Det er ein tidleg vårblom, som står på sitt finaste i midten av april.

  • Lindmo, S.; Salvesen, P. H.: Skogen, A. 1991. Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. UiB, Botanisk inst. Rapp. 50
  • Lunde, B. N.; Skogen, A. 2001. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland.Vedlegg V: Flerbruksplan for Gjuvslandslia landskapsvernområde, Kvinnherad kommune. Rapp. til Fylkesmannen i Hordaland,Miljøvernavd.