• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gruvehol ovanfor Kvitebergsvatnet, ved Atramadalen.

Gruvehol ovanfor Kvitebergsvatnet, ved Atramadalen. Det er mange spor etter koparkisdrifta i dette området. Dette holet, som ligg oppe i bergsida, kan ein berre nå frå ein smal stig. Holet blir kalla Smiehelleren, er om lag 50 meter djupt og har restar etter ei smie i utgangen. (Svein Nord)

GRUVEDRIFT OG GEOLOGI

Alt i alt kjenner ein til ti kopargruver og to jerngruver på Ølve-halvøya. Geologisk høyrer òg dei ni gruvene på Varaldsøy med i denne rekneskapen. Industrien tok til på garden Lilledal i 1642 med gruvedrift på jernmalm. Frå Jernsmauget ved Dyråsen vart malmen frakta til jernverk på Austlandet

Like etter tok koparmalmen over. Koparkisen ved Dyråsen gruver og i Atramadalen, "Christiangawes Kobberværk", vart broten samstundes med kopardrifta på Røros. Gruvedrifta på Ølvehalvøya heldt fram heilt til 1911.

Grunnlaget for drifta var bergarten grønstein. Mange av gruvene frå den meir enn 300 år gamle kisindustrien i Noreg er knytt til grønsteinsførekomstar. Grønsteinsbeltet frå Ølve til Varaldsøy er restar av det gamle havområdet som fanst mellom Grønland og Noreg for 500 millionar år sidan. Grunnlaget for grønsteinane vart til då lava og oske spruta ut frå vulkanøyar i dette forhistoriske «atlanterhavet» – eit hav som sidan lukka seg. Under lukkinga, då Grønland og Noreg nærma seg kvarandre, vart lavaen pressa ned i djupet saman med slam og leirlag. Då landområda til slutt kolliderte, vart den kaledonske fjellkjeda skapt. Lavaen vart oppvarma og omdanna til grønstein, og slam og leire til glimmerskifer, samstundes som dei vart frakta inn over grunnfjellet i Hordaland. Laga falda seg både under denne transporten og ved seinare rørsler langs Hardangerfjorden. Kismalmen er mest koparhaldig svovelkis og litt jernmalm (magnetitt og hematitt), og vart truleg til på havbotnen i det forhistoriske havet. Kisen vart danna frå varme gassar og væsker rike på jern og svovel som strøymde opp gjennom sprekkar og vulkanske tilførslerøyr.

  • Geologi og gruver i Ølveområdet

Geologi og gruver i Ølveområdet.( NGU/Haakon Fossen)

  • Kart over gruveområdet i Atramadalen i Ølve

Bergverksdrift i Ølve

Grønstein

Grønstein blir danna ved at basaltlava blir pressa ned til 10–15 kilometers djup, der nye, grøne mineral som kloritt og epidot blir til.

Planta gull ved Ølve gullverk?

Ølve gullverk er eit kjent omgrep frå åra 1855–87. Synleg gull vart då funne ved slagget inst i Hyttevågen i Ølve i grønleg klorittskifer. Ein skal ha handsama 200 tonn klorittskifer med eit utbytte på 3 gram gull pr. tonn. Sidan har fleire leita etter gull i slagget på Ølve. Men ikkje eingong med moderne metodar har det vore mogleg å påvisa spor etter gull. Det har fått fagfolk til å stilla seg kritisk til det tidlegare gullfunnet. Er det mogleg at gullet var tilført for å auka interessa for gruvedrift i Ølvedistriktet?

  • Kleberstein (Svein Nord)

Baksteheller av kleberstein

Det var kleberstein, ikkje kismalm, som først la grunnlag for næringsverksemd frå berget i Ølveområdet. Kleberstein ligg i ei sone i grønsteinen. Den mjuke bergarten blir oftast til ved at smelter med særleg basisk samansetjing størknar i djupet. Men smeltene som danna klebersteinen ved Ølve, nådde jordoverflata som lava. Ølvesteinen er ueigna til gryter og kar, men han er lett å bryta som heller. Dei mjuke minerala i steinen gjer at hellene ofte kan varmast opp utan å smuldra opp eller sprekka. Hellene var dermed som skapte til baksteheller, etter at dei ved rissing på kryss og tvers fekk den rette tjukkleiken.Ein spenstig teori går ut på at det er dette som er forklaringa på rutemønsteret i vaffeljernet - eit teknisk motiv, ein konvensjon overlevert i tradisjonen heilt frå bakstehellene i mellomalderen.

 

Det finst mange brot mellom Ølve og Hatlestrand, alle på sørsida av Kvitebergsvatnet. Den store produksjonen tyder på at baksteheller frå Ølve har vore eksportvare.Vi kan framleis finna avfallsrestar etter denne verksemda, som truleg skriv seg frå vikingtida og tidleg mellomalder. Hellebergshelleren, som av og til blir nytta som konsertsal, er utgraven i denne klebersteinsona.

  • Gammalt gruvehol ved Dyråsen (Svein Nord).

Gammalt gruvehol ved Dyråsen (Svein Nord).

  • Blichtfeldt, H.F. (1771) Kort Efterretning om Bergværket i Sunnhordlehn. København.
  • Foslie ,S.; Dietrichson, B. 1955. Kisdistriktet Varaldsøy-Ølve i Hardanger og bergverksdriftens historie. Norges Geologiske Undersøkelse 147.
  • Naterstad, J. Den geologiske bakgrunnen for bakstehelleindustrien ved Kviteberg-vatnet i Hardanger. Viking 11:161–163.