• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kiste frå Huglo, måla i 1820 av Gunder Gundersen Handeland.

Kiste frå Huglo, måla i 1820 av Gunder Gundersen Handeland. Detalj av lok (Nils Georg Brekke)

Gunder Gundersen Handeland (1794-1871) er den fremste av rosemålarane i Sunnhordland. Han er ein klassisk representant for humanisten og kunstnaren i lokalsamfunnet på 1800-talet.

Gunder Handeland var fødd på ein husmannsplass under offisersgarden på Handeland, litt sør for Valen. Han var ein gåverik ung gut og vart tilsett som omgangsskulelærar og klokkar ved Eid kyrkje på Halsnøya i 1816. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at han i tidlege ungdomsår fekk nyta godt av den boklege lærdomen i stovene på embetsmannsgarden. Gunnar gifte seg i 1821, og nokre år seinare bygsla han plassen Skorven under øvre Sæbø på Halsnøya. I ein heil mannsalder dreiv han flittig som målar for å skøyta på klokkarløna: kister og skåp, tiner og skrin, korger, skåler og krus er prydde med fargerike variantar av roser, tulipanar og blomeurner.

Det er dei kraftige formene og fargane på barokken som særpregar stilen til Gunder Handeland, måla med fast og sikker hand. Han la særleg sin elsk på «kartusj-motivet»; eit dekorativt omrammingsmotiv frå renessansen, ofte pryda med symmetrisk stilte roser kring ein stor tulipan. Dette er renessansens dekorative former, formidla gjennom 1600-talets innhaldsrike og fargesterke kyrkjedekor.

  • Utåker, A.: «Skule-Gunnar». Shld. 1981, s. 57-60.