• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Haugahuset på Tveito i Kvinnherad

HAUGAHUSET OG DUNSTAN SKILBECKS SAMLING

Diktaren Jens Tvedt (1857-1935) vart fødd i Haugahuset på Tveito, og her budde han til han 19 år gammal byrja på Stord lærarskule. I 1904 flytta han til Stavanger, men når han vitja heimbygda si, sat han på lemmen i Haugahuset og skreiv. Huset, ei tømra lemstove med frukthage og steingard omkring, vart bygd av far til Jens, Johannes. Han var underoffiser og heradskasserar.

Kring 1898 vart huset kjøpt av den engelske forretningsmannen J. H. Skilbeck, som hadde stor interesse for bygdekulturen. Han og etterkomarane hans bygde etter kvart opp ei fin samling av gjenstandar og antikvitetar. Nokre av desse kan du sjå i den gamle røykstova (Bakkastova) på Tveito: Dunstan Skilbecks samling. Denne er i privat eige, men Haugahuset har Sunnhordland Museum ansvaret for. Den eine stova er innreidd med Jens Tvedt sine møblar frå tida i Stavanger. I huset finst òg manuskript og anna materiale etter diktaren.

  • Dikteren Jens Tvedt

Dikteren Jens Tvedt (Johannessen Bs.794, Bs. UBB.)

  • Leirvik, R.: Jens Tvedt. Diktaren og miljøet. Shld. 1977, s. 71-85.
  • Myklebust, T.: Nistovetunet og Jens Tvedt-heimen. Shld. 1960, s. 96-98.
  • Tvedt, A.: Jens Tvedt og heimbygda hans Shld. 1976, s. 52-55.