• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Øvre Musland mot Geitadalen.

Frå Øvre Musland mot Geitadalen. (Svein Nord)

RUND OG SKARPKANTA

Nokre fjell har runde former, medan andre har skarpe kantar og eggar. Ulvanosa (1246 moh.) har begge delar. Formene heng saman med kva bergartar som finst, og kva krefter som var i sving under utforminga.

Berget i Ulvanosa og heile massivet vestover til Englafjell og Mannen vart danna ved at ei granittisk bergsmelte størkna til stein ved eit enormt bergtrykk 15–20 kilometer nede i jordskorpa. Det skjedde for om lag ein milliard år sidan. Då landet vart tært ned og skorpa steig mot jordoverflata, vart trykket mindre. Det førte til at bergarten utvida seg og sprakk opp parallelt med overflata – som laga på ein løk. Desse sprekkane er med og dannar dei runde formene som vi ser i dag. Men som så mange andre stader var hendingar under istidene òg viktige for å forstå landformene.

I lange periodar under istidene var toppen av Ulvanosa isfri. Snøen som bles ned fråplatået, samla seg i dalane på austsida, og danna i periodar små, bratte hengjebrear ned mot øvre delen av Uskedalen. Breane starta med å grava ut runde trauforma botnar i dalsida. Etter kvart som botnbreane grov seg inn, vart skråningane stadig brattare. «Løksprekkane », som gjekk parallelt med den tidlegare dalsida, vart kryssa av den nye og brattare dalsida. I sprekkane verkar no frostsprenging, og det dannar seg gjerne kantar med overheng.Snøen som samlar seg i hengjeskavlar langs platåkanten, rasar ned når temperaturen stig om våren. Snøskreda riv laus stein og blokker langs sprekkane og tek dei med seg ned mot dalbotnen, der det er bygd opp store vifter av skredmateriale.

At det er botnar, ser vi av den skarpe eggen ved overgangen mellom sjølve platået og dalane som ligg på rekkje og rad frå nord til sør: Geitadalen, Kolkjeredalen, Øktaredalen og dalane på kvar side av Litlenuten. Dei to første dalane og kammen mellom dei er fint avrunda. Det er tydeleg at det er «løksprekkane» som har gitt dei avrunda formene. Nedanfrå ser kammen mellom dei ut som ein sukkertopp, men mot toppen er det framleis ein kvass egg.

  • Prinsipp for danninga av dei bratte fjellsidene i Ulvanosa.

Prinsipp for danninga av dei bratte fjellsidene i Ulvanosa. (Inge Aarseth / Eva Bjørseth)

Ulvanosa. Toppen kan nåast både frå nord og sør. Frå nord går det skogsveg frå Haugland, knapt fire kilometer etter Uskedalen på vegen mot Musland, og deretter merkt stig.Frå sør går det veg inn Tveitedalen frå Utåker. Frå enden av vegen følgjer du merkt stig opp slaksida av Ulvanosa. For klatrekunnige finst eit tjuetals ruter på austsida av fjellet.

  • Follestad, B. A. 1972. The deglaciation of the southwestern part of Folgefonn peninsula, Hordaland. Norges Geologiske Undersøkelse 280:31–64.