• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Haugalandet

Haugalandet, eit lågt, men ujamt lyngheilandskap som møter deg i Sveio og held fram i Rogaland. Går utviklinga vidare med same fart som i dag, vil det opne lendet om nokre tiår vera tilgrodd med skog. (Svein Nord)

«Sveio – midt i leio», kommunen nordvest på Haugalandet ligg verkeleg midt i hovudleia. Gjennom tusen år, langs vestkysten – og som i dag, når vi kjem landevegen langs E 39 frå Arsvågen; ein fascinerande tur gjennom lyngheilandskapet. Frå dei høge fjella aust i kommunen fell terrenget vestover, ned mot eit småkupert landskap på den gamle strandflata, ved Sletta og Bømlafjorden. Gardane lengst i sør høyrde før 1841 til Skåre skipreide i Karmsund sorenskrivardøme. Reiser vi den ytre vegen, RV 541, mot Buavåg og Tjernagel, kjem vi ut i dei opne lyngheiane, med vidt utsyn mot Bømlafjorden. Den austlege vegen, langs Ålfjorden – «ein fjord på innsida» – går gjennom bygder med tradisjonsrik byggeskikk. På vestsida av Tittelsnes, nær det gamle steinbrotet, ligg embetsgarden Einstapevoll, med vakre helletak og store steingardar.

 

Frå vikingtid til vår tid

Dagens kommunegrenser er frå 1964 og byggjer på dei gamle skipreidegrensene som går tilbake til vikingtida – storleiken på eit bygdelag som kunne utstyra eit langskip til kongens flåte. Få tilhøve fortel tydelegare om overgangen frå sjø og skip til bilens landskap enn endringane av kommunegrensene.
     
Trekantsambandet mellom mellom Sveio, Stord og Bømlo, med tunnell under Bømlafjorden, forsterkar dette. I 1837, då det lokale sjølvstyret vart innført, vart dei nye kommunegrensene trekte etter prestegjelda og skipreidene. På det tidspunktet fanst det ingen sjølvstendig kommune på Tittelsneshalvøya. Så lenge sjøen var hovudvegen, var øyane naturlege midtpunkt. Vikebygd høyrde til Fjelberg kommune, tidlegare Fjelberg skipreide, Sveio høyrde til Finnås kommune på Bømlo og Valestrand høyrde til Stord. Før reformasjonen høyrde Valestrand til Fjelberg, men frå 1538 og fram til 1870 låg denne bygda i Stord prestegjeld.

Frå Rogaland til Hordaland

Ser vi ut over landskapet, oppdagar vi at geografisk og naturhistorisk har Sveio meir til felles med Rogaland enn med Hordaland. Dei mange våtmarkene i kommunen liknar  lite på dei vi finn i resten av fylket. Våtmarkene i Sveio er av same type som dei grunne, næringsrike innsjøane på Haugalandet og Jæren. Flora og fauna i våtmarkene har naturleg nok stort artsfellesskap på tvers av dei gamle landskapsgrensene.
     
I eit historisk perspektivktiv ser vi at Sveio gjerne er første staden mange dyreslag kjem til frå sør, før dei eventuelt spreier seg vidare nordover.  Somme dyreslag har venta i fleire tusen år på å kryssa den breie Bømlafjorden, og somme ventar enno. I dag er rådyret eit døme på slik vandring. Sveio har den største rådyrstamma i Hordaland, og Bømlafjorden har lenge vore eit stengsel for rådyra også. Mange andre stader i fylket kan by på gode livstilhøve for dette dyret, og med tida er det godt mogeleg at mange kommunar får innvandra rådyr med formødre frå Sveio. I lange tider var kyrkjetårnet i Førde sikraste staden å finna pilfinken i Hordaland. Først i slutten av 1980-åra vart arten vanleg nord om Bømlafjorden.

Sletter og åsar – skog, lyng og vatn

Landskapet kan i store drag delast i to –  eit lågt og skoglaust sletteland i vest og skogkledde åsar i aust og nord. Heilt i aust skrånar landet bratt ned mot Ålfjorden. Slettelandet i vest ligg på strandflata. Denne er best utvikla like sør for Tjernagel og nord for Ryvarden.  På Sletta utgjer båar og skjær den undersjøiske delen av strandflata, der det tragiske forliset av Sleipner skjedde i november 1999. Den bråe overgangen mellom strandflata og åsane innafor ser vi lettast frå riksvegen på vestsida  av Tittelsnes og sørover forbi Valestrand.

Mange stader i kommunen er jorda rik på humus, og det finst mykje myrjord, spesielt ved dei mange ferskvatna. Elles er det også område med meir næringsrik forvitringsjord der det er omdanna sedimentære bergartar. Vegetasjonen skifter frå skogkledde område i nordaust til meir eller mindre skoglaust i sørvest. Furua er best tilpassa og mest dominerande, men det er også mykje bjørk i dei bratte liene.    

Lyngheisona er breiare her enn elles på Vestlandet, og lengst i sør dekkjer ho heile kommunen i breidda. Det vert stadig meir skog, fordi det er blitt færre dyr på beite og mindre slåttemarker. Særleg den indre delen av heia gror no raskt att med tre og buskar.

Dei aller fleste av dei 282 vatna i kommunen ligg lågare enn 5-10 m o.h., og har jamt over høg pH-verdi. Vasskvaliteten er generelt god frå naturen si side, men vatnet er mange stader sterkt påverka av organisk tilsig frå landbruksområda.

Vestavêr

Nærleiken til havet og det låge landskapet gir eit klima med mykje vind, milde vintrar og heller kjølege somrar. Mest utprega er dette i  sørvest, som ligg ope til mot Sletta og Bømlafjorden. Bortsett frå eit par toppar på Tittelsneshalvøya har kommunen ingen høgdedrag over 200 m. Topografien gir såleis lite skjerming mot vestavêret.
       
I roleg vêr med lite skyer kan topografien skapa lokale temperaturskilnader med markert lågare nattetemperaturar og høgare dagtemperaturar i lågtliggjande, lune område i dalar og lier, enn i frittliggjande område høgare oppe eller ut mot sjøen. Om sommaren kan det i indre strøk bli haugskyer og torevèr, som om kvelden kan koma vestover og gi byger, men det typiske for dei fleste områda er nedbørsunderskot og tørke i godvèrsperiodar om sommaren. Dei årlege nedbørsmengdene aukar noko frå  kysten og innover til distrikta ved Ålfjorden. På årsbasis er det liten skilnad i tal nedbørdagar i dei ulike delane av kommunen, i gjennomsnitt er det om lag 190 dagar med nedbør.
      
Så vestavêret er ikkje berre dei tunge lågtrykka som rullar inn frå Atlanterhavet, men også lokalklima som blir påverka av landskapet med alle haugane, Haugalandet.

Ei kløyvd sølv lilje på raud grunn

Ei kløyvd sølv lilje på raud grunn

Våpenet er godkjent i 1982 og er teikna av Kolbjørn Ekkje. Motivet byggjer på våpenet til lågadelsætta Dall, som kring 1600 budde på setegarden Sveio. Mats Jonsson, son av Jon Gautesson til Sveio, var med blant dei norske adelsmennene som sette seglet sitt under hyllingsbrevet til kongen i 1591. Seglet syner eit skjold med ei kløyvd lilje og ei stjerne i kløyvinga. Sidan kommunen har namn etter den gamle setegarden, der bygdesenteret ligg i dag, vart Jon Gautesson sitt våpen lagt til grunn for kommunevåpenet.

valknute

Sveio er eit namn som har vorte sett i samanheng med gno. sviða «stad som er rydda ved brenning». Kommunen har fått namn etter den gamle setegarden, der kommunesenteret ligg. Gardsnamnet kan peika mot ein rydningsperiode med avsviing av skog. Her er det interessant å trekkja inn gardsnamna Tveitaskog, Skålaskog, Vandaskog og Nordskog. Desse gardane ligg i ein vid krins kring Sveio. Her kan namnetradisjonen ha fest seg etter restar av ein skog som har stått att etter ein stor brann. Diftongen ei kan truleg forklarast som ein overgang av det eldre lydsambandet ið. Vidhovdavik tyder «vika ved den vide hovden». Førsteleddet i Valevåg er Valen «grunn stad i sund», i slekt med vada. Gramshaug inneheld gno. gramr «troll, djevel». Fjon har truleg same opphav som det danske øynamnet Fyn, som vert sett til fjon «noko lite og lett», med same grunntyding som fyka.

Urtidsfjell

Fjellet i  Sveio høyrer til den eldste fjellgrunnen i fylket. Kommunen er tufta på godt, gammalt grunnfjell frå jorda si urtid, skjerma for effekten av den kaledonske fjellkjedefaldinga for 400 millionar år sidan.  Omdanna vulkanske og sedimentære lag er truleg dei eldste delane av grunnfjellet. Seinare i urtida, kring 1 ½  til 2 milliardar år sidan, trengde gabbro og granitt inn i desse bergartane. Begge steinslaga er utbreidde i kommunen, gabbro mest i nordvest, medan forgneisa granitt mellom anna finst i eit stort massiv frå Førdesfjorden og over til Ålfjorden. Områda langs vestsida av Ålfjorden har i særleg grad stått mot erosjonen, og dette viser fjella her tydeleg.

  • Torvmyrane på vestkysten er delar av eit stort landskapssystem, i drift fram til midten av 1900-talet.

Torvmyrane på vestkysten er delar av eit stort landskapssystem, i drift fram til midten av 1900-talet. Når haustfargane legg sin gylne tone over dette landskapet, er lyngheiane og dei gamle torvtaka, med sine mørke, brunsvarte torvskurdar, eit fascinerande fargespel. Hanna, som kjem med mat til torvmyrsfolket i utmarka til Rossehaug, gir Anna og Teodor ein kjærkomen kvilepause i det tunge arbeidet. (Ingebrigt Rossehaug, utlånt frå Leiv Rossehaug.)

  • Fagerperikum og myrhatt

Typiske planter i Sveio: Fagerperikum i lyngheia, myrhatt i våtmarka. (Miranda Bødtker)

  • Rådyr

Rådyr - meir og meir vanleg i Sveio (Jan Rabben)

  • Brurefølgje, Valestrand.

Brurefølgje, Valestrand. Akvarell av Wenche Irgens, 1810.

  • Gjestgjevarstaden i Valevåg

Hovudbygningen på den gamle gjestgjevarstaden i Valevåg kring 1900 (foto: Sev. Kannelønning, eigar Sunnhordland Museum).

  • Jacobsen, O. W. 2000. Fugleliv i Sveio. Kultur og natur i Sveio. Hefte 2:1–36.
  • Moe, B. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Sveio. Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport (under arbeid).
  • Rossehaug, I. (1987) Sveio kommune: lokalt folkestyre 150 år på Tittelsneshalvøya. Sveio.
  • Steinsbø, S. (1986-1987) Gards- og ættesoge for Sveio. Sveio, Sveio kommune.
  • Steinsvåg, M. J.; Overvoll, O. Viltet i Sveio. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Sveio kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA rapport (under arbeid).