• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Agastølen

Agastølen (A. B. Wilse, eigar Norsk Folkemuseum).

Den som vandrar på vidda, vil frå tid til anna koma framom gamle stølar eller felæger, med trauste grå steinbuer, gjerne halvt inngravne i bakken; ein byggjeskikk som har tradisjonar bakover mot forhistorisk tid. Når vi er mette av urørd natur, er det noko heimsleg å treffa på dei gamle stølane. Dei representerer ein type menneskelege inngrep som vi ikkje berre aksepterer, men som vi set pris på. Dei vekkjer attkjenningsglede, og er eit talande vitnemål om korleis folk i bygdene har nytta sjølv dei mest avsidesliggjande ressursar.

Agastølen i Bjoreidalen er eit gammalt stølsbol; kan henda er utgangspunktet her ei steinbu i samband med eit driftelæger. Ei av dei gamle slepa gjekk her, men det er først på 1800-talet at denne langstølen vart bygd ut med mange hus. I andre halvdel av 1800-talet vart stølen seld til Knut Aga og vart då heitande Agastølen. Truleg er det han som har bygt ut anlegget slik det er i dag: eitt sel med skut og grue, eit anna sel utan eldstad, ei ostebu, ei mjølkebu, eit ystehvis og ein flor.

For å nytta utmarksareala maksimalt hadde gardane i fjordbygdene fleire stølar, i ulik avstand frå heimebøen. Heimestølane var vår- og hauststølar. Desse låg så nær garden at budeia kunne gå heim med mjølka. På langstølane, sommarstølane, budde budeiene i 10-12 veker om sommaren. Her kinna dei smør og ysta ost. Ystinga kravde store mengder brensel, og mange stølar vart flytte etter kvart som skogen vart uthoggen. På stølen vart det òg hausta vinterfór til dyra. Stølsdrifta, med beiting, vedhogst og fórsanking har påverka kulturlandskapet i fjellet.

  • Agastølen

Agastølen i dag (Svein Nord).

Driftekarane og ferdsla over vidda