• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bjoreidalen ved Gamlestølen, mot sørvest

Bjoreidalen ved Gamlestølen, mot sørvest. Nybu ligg rett utanfor biletet på venstre sida, på andre sida av elva. (Svein Nord)

Bjoreidalen er ein av dei klassiske fuglelokalitetane på Hardangervidda. Det er særleg vadefuglar Bjoreidalen er kjend for, med heile 17 av dei 19 artane vadefuglar som er rekna som hekkande i Hordaland. 

Eit døme er myrsnipa, som er vanleg i våtare drag i dette området. Er du heldig, kan du òg sjå den spesielle symjesnipa. Bjoreidalen har elles rikeleg med sporvefugl, mellom anna lappsporv og blåstrupe – kanskje den vakraste av alle fuglane på Vidda.

Heile dalføret har eit yrande fugleliv. Aller rikast er det nær elva frå Nybu og nedover, der det somme stader veks tett vierkratt. Slikt kratt er viktig for fuglane; det er oftast i denne typen vegetasjon dei plasserer reira sine. Derfor lyt ferdafolk halda litt avstand til vieren. Staden vart verna som naturreservat i 1995. Ei rundløype er merkt i reservatet, med startpunkt anten frå Dyranut eller Nybu. I hekketida er ein pålagd å halda seg til løypa.

  • Blåstrupe

Blåstrupe – ikkje berre vakker å sjå på, han har òg vakker song. (Jan Rabben)