• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Moreneryggene ved Fruo.

«DEN KINESISKE MUREN» VED FRUO

Ved Fruo har naturen bygd sin eigen vesle «kinesiske mur». Nokre kilometer sør for Vøringsfossen ligg ei rekkje morenerygger, dei lengste og mest markante i sitt slag i Hordaland.

Ryggene er side- og endemorenar, danna av ein bre som gjorde ein framstøyt på slutten av istida – for vel 11 000 år sidan. Truleg var det ein periode med auka vinternedbør som førte til at denne breen la på seg og rykte fram. Breen kom frå vidda og hadde bretunger ned Sysendalen og Veigdalen. Fronten nådde ned til der Eidfjordvatnet no ligg, og deltaet som i dag utgjer Eidfjordterrassen, vart avsett framom breen.

Side- og endemorenerygger blir avsette når ein bre rykkjer fram eller ligg i ro i lengre tid. Når han rykkjer fram, er isen som ein bulldosar – han skuvar saman lausmassane til ein rygg. Ligg brefronten i ro, er det rørsler i isen som fører materiale fram til fronten – som eit transportband. I begge tilfella blir den sida av ryggen som ligg inn mot breen, den brattaste. Det er tydeleg å sjå på ryggene ved Fruo kva for side som låg mot breen.

  • Kart over moreneryggene ved Hallamyrane.

Kart over moreneryggene ved Hallamyrane.

  • Anundsen, K. 1964. Kvartærgeologiske og geomorfologiske undersøkelser i Simadalen, Eidfjord, Måbødalen og tilstøtende fjellområder. Upublisert hovedoppgave,UiB.
  • Anundsen, K., Simonsen, A. 1967. Et preborealt breframstøt på Hardangervidda og i området mellom Bergensbanen og Jotunheimen. UiB Årbok. Mat.nat.serie 7.