• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Heggjagarden

Heggjagarden (i framgrunnen) og Vøringsfoss Hotel først på 1900-talet (Anders P. Wallevik, eigar Hardanger Folkemuseum)

Skysskiftet på garden Vik i Eidfjord var ein viktig del av kommunikasjonssystemet i eldre tid. Her fekk dei rorskyss ut fjorden, dei som kom over fjellet frå aust og ned Måbødalen. Skysskiftet låg på «Wiige grund». I dag skjer riksvegen seg gjennom tunet; hovudbygningen frå 1800-talet ligg på oppsida av vegen; det store sjøhuset, med tidlegare bakeri, ligg ned mot fjorden.