• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Klyngjetunet i Hjølmodalen tidleg på 1900-talet

Klyngjetunet i Hjølmodalen tidleg på 1900-talet (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum)

I den bratte dalsida i Hjølmodalen, ein liten sidedal frå Øvre Eidfjord som har vore ein sentral oppgang til Hardangervidda, ligg framleis det gamle fellestunet samla. Tunet står tomt i dag; nokre av husa er i bruk sommarstid, men graset veks kring alle nover.

Bruka på Hjølmo har framleis innmarka liggjande uskift, fordelt i lange teigar på tvers av dalen, frå dalside til dalside — ein interessant parallell til den skotske «strip farming». Klyngjetunet på Hjølmo er eit verdfullt kulturminnemiljø. Frå toppen av dalsida held den gamle ferdslevegen fram innover mot Viveli og Veigdalen.

  • Hansteen, C. (1969) Til fots til Bergen anno 1821. Ny utg. Oslo, Aschehoug.