• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kjeåsen

Høgt oppe over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. I dag køyrer du til tuns i bil, gjennom ein ny tunnel som kraftutbyggjarane i Sima har skote ut. Fram til 1974 gjekk den einaste vegen opp den bratte fjellsida, langs jernbolta stigar over svimlande svaberg — ein veg for dei nervesterke. Dette var sambandet med omverda.

Det er ei oppleving å koma opp i det enkle, men velstelte tunet i Kjeåsen — eit nærbilete av det vesle naturalhushaldssamfunnet.  Uvegsamt låg Kjeåsen til, med ein - etter vår målestokk - heilt utruleg strevsam veg til gards, men her er det rike ressursar rett utanfor stovedøra, og jakt, fangst og fiske var hovudnæringa for folket her. Den siste som dreiv, var Helge Åsen. Han er borte i dag, men det er ei rikhaldig samling med fangstutstyr etter han; eit kapittel i soga om å leva og overleva. No bur det folk i Kjeåsen berre i sommarhalvåret.

  • Lars Osas «Siste reis» 1936

Lars Osas «Siste reis» 1936 (Egil Korsnes, eigar Hardanger Sparebank).

  • Bror Ekström: Folket  på Kjeåsen

Folket på Kjeåsen

  • Ekström, B. (1958) Folket på Kieåsen. Uddevalla, Bohusläns grafiska.
  • Opedal, H.O. (1981) I skuggen av Hardangerjøkulen: Simadalen og Sysendalen: gardar og folkeminne. Bergen, Norsk bokreidingslag.