• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Finprikkauren

FINPRIKKAUREN

Få andre dyreartar på Vidda har vitskapen granska så grundig som finprikkauren. Finprikkauren blir rekna som ein genetisk variant av aure. Han lever i delar av Krækkjavassdraget. Elles i verda er arten berre å finna i eit område i Kaukasus, og kanskje òg i eit vatn i Rondane.

På Hardangervidda har finprikkauren vore kjend frå publiserte kjelder sidan 1910. Midt på 1980-talet var bestanden i ferd med å døy ut som følgje av sur nedbør. Etter omfattande kalking er det atter registrert formeiring av finprikkaure. Det er uvisst korleis denne aurevarianten har oppstått. Ein teori er at ei og same form for mutasjon har gått føre seg i dette området og nokre få andre stader i verda.

Den vanlege auren er det godt om i dei fleste fjellinnsjøane i Eidfjord og elles på Hardangervidda. Som alle andre stader som ligg over den marine grensa etter den siste istida, er auren hjelpt hit av folk. Utsettjinga har røter langt tilbake i tida – i arkeologiske utgravingar ved Halnefjorden, rett aust for fylkesgrensa, er det funne 6000–7000 år gamle aurebein.

Fjellauren i Eidfjord er feit og fin, men mange er ottefulle for at spreiinga av ein annan art, ørekyte, kan truga auren. Ørekyta konkurrerer om den same næringa som auren og er i stand til å redusera aurebestanden drastisk. Fleire gode aurevatn på Hardangervidda har fått redusert bestanden til under det halve på grunn av denne inntrengjaren. Ein fryktar no at ørekyta kan kryssa vasskiljet, og tiltak mot dette er sette i verk.

  • Fjellheim, A.; Tysse, Å; Bjerknes, V.; Wright, R. F. 2002. Finprikkauren på Hardangervidda. Direktoratet for naturforvaltning, Utredning 2002–1.
  • Svarstad, H; Bugge, H. C.; Dhillion, S. S. 2000. From Norway to Novartis: cyclosporin from Tolypocladium inflatum in an open access bioprospecting regime. Biodiversity and Conservation 9:1521–1541.