• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Langavassmyrane mot Langavatn

Langavassmyrane mot Langavatn. (Svein Nord)

Langavassmyrane er  den rikaste våtmarka i fylket. Den grøne oasen ligg i eit steinete morenelandskap nokre timars gonge sør for Dyranut.

Det om lag 3 km² store deltaet i inste enden av Langavatnet er det fuglelivet som har gjort kjent. Ornitologisk er staden godt utforska. I Langavatnet finst ein god hekkebestand av alpine dukkender – eit samleomgrep som blir nytta om artane bergand, sjøorre, svartand og havelle. Ein annan andeart, toppand, har auka monaleg i tal på Hardangervidda dei siste tiåra, også som hekkefugl.

I Langavatnet har fuglane gode næringstilhøve med mykje marflo og skjoldkreps. Men ein del ender set livet til i fiskegarn. Garndauden er ekstra ille ettersom alle desse artane, med unntak av toppanda, i dag er uvanlege hekkefuglar i Sør-Noreg.

Vadefuglane er meir talrike enn dukkendene. Ei rekkje artar hekkar på Langavassmyrane, slik som den hektiske symjesnipa, som ikkje er å finna mange andre stader på Hardangervidda. Tidlegare var brushanespelet i juni det  mest spesielle for staden. På det meste var det sett 40–50 hannar på leiken, men brushannane og hoene, er no borte. 

 

Symjesnipe

Symjesnipe. (Jan Rabben)

Bergender, hannfugl framme til høgre

Bergender, hannfugl framme til høgre. (Ingvar Grastveit)

Brushanen har ein flott fjørkrage

Brushanen har ein flott fjørkrage. (Morten Vang)

Spelande brushanar

Spelande brushanar. (Thor Østbye)

  • Håland, A.; Byrkjeland, S. 1984. Ornitologisk statusrapport for Langavatn/Langvassmyra, Hardangervidda 1978–1984. Zool.Mus., UiB, Rapp. Ornitologi nr.18.
  • Øvstedahl, S. Hardangervidda. Natur, kulturhistorie, samfunnsliv. Fra et utvalg ved kongelig resolusjon 20.august 1971, NOU 14,1974.352 s.