• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vøringsfossen og Øvre Måbødalen frå utsikta ved Fossli Hotel

Vøringsfossen og Øvre Måbødalen frå utsikta ved Fossli Hotel. Dalen er skoren skeivt ned i eit eldre dalføre. (Helge Sunde)

DEN STORE ATTENDEGRAVINGA

1500 trappetrinn hadde den gamle kløvvegen opp Måbøberget, der bilane i dag gassar seg fram inni fjellet. Slitet er det slutt med, tilvenjinga til brattlendet òg, berre utsikta frå toppen er mykje godt det same som før. Vøringsfossen sommarstid er eit av Vestlandets store naturdrama, ei veldig markering av overgangen mellom den gamle og opne Sysendalen og den unge, tronge og krokete Måbødalen.

Øvre Måbødalen sluttar brått ved stupet der Vøringsfossen kastar seg utfor. Vestlandet har mange slike bratte overgangar mellom ein ung, trong dal og ein vid, eldre dal. Geologane kallar fenomenet dalende. Tidlegare låg dalenden til Måbødalen der kløvvegen går opp mot Måbøberget (b på teikninga). Gjennom fleire istider gnog brear og breelvar brattkanten bakover mot vidda. Ungdalen gjekk sine eigne vegar under forlenginga; han skar seg skeivt ned i den i nordre dalsida av Sysendalen. Vøringsfossen styrtar heller ikkje utfor der gamledalen endar ved utsiktspunktet, men på sida av dalenden. Men kvifor grov ikkje den nye dalen seg attende langs botnen av den gamle?

Ei slik skeiv innskjering i ein eldre dal kan berre skje med hjelp frå isen. Elvar vil vanlegvis grava midt i dalen, men elvar med tjukk is over seg kan finna anna lei. Trykktilhøva under breen pressar gjerne vatnet litt opp frå dalbotnen. Det var det som skjedde i Måbødalen: Breelva under isen vart pressa til sides og følgde sprekkar oppe i dalsida. Smeltevasselva grov òg ut gjel med jettegryter, som det finst fleire av i området. Ikkje berre kom den nye dalen på skeive i høve til den eldre Sysendalen, det nye dallaupet vart dessutan krokete, med aust-vest og nord-sør som dei dominerande retningane. Der retningane på sprekkane endra seg, gjerne vinkelrett på den første retninga, følgde gravinga etter.

Dei fleste fjellsprekkane i området er òg vertikale. Slik vart dalenden som grov seg attende, stupbratt – like eins der Vøringsfossen no slepper seg utfor – førebels siste stopp i den store attendegravinga.

  • To millionar år sidan
  • 120 000 år sidan
  • I dag

Utviklinga av den krokete Måbødalen i tre stadium, frå før istidene til i dag. Før istidene rann elva gjennom eit slakt landskap (a), eit landskap Sysendalen er restar av. Gjennom vekslande istider og mellomistider (b viser dalen slik han kan ha sett ut under den siste mellomistida) vart Måbødalen graven ut, ein ung dal i den gamle dalen. Under den siste istida vart siste etappen i attendegravinga fullført – med dagens landskap som resultat (c). (Inge Aarseth/Kjell Helge Sjøstrøm/Masaoki Adachi)

  • Måbødalen

Kvar gong det rasar stein ned i dei kjegleforma urene, er det som eit sandkorn har landa i eit overjordisk stort timeglas – «Selv Bjergene rinder ut,» slik Johannes V. Jensen uttrykkjer det etter ei reise ned Måbødalen. Dei mektige steinurene som er bygde opp på begge sider av dalbotnen, er eit resultat av steinsprang etter istida frå det oppsprokne fjellet. Slik blir dalen sakte utvida. I neste istid vil urene bli sopte vekk av breen som nyttar dei som «sandpapir» i den vidare gravinga.