• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rembesdalsskåka og Nedre Demmevatnet, frå Tresnuten. Demmevasshytta til venstre på biletet

Rembesdalsskåka og Nedre Demmevatnet, frå Tresnuten.Demmevasshytta til venstre på biletet. (Svein Nord)

SKADEFLAUMAR

10. august 1937 vart over halvparten av den dyrka marka i Simadal teken av elva. Skadane på vegar og hus var òg katastrofale. Verre skadeflaum har truleg ingen i Hordaland opplevd, så langt soga veit.

Lokalhistorikaren Olav Kolltveit skriv: «Ein engelsk fotturist var denne dagen på veg frå Finse til Fossli og vart vitne til det veldige naturskodespelet då vassmassane kasta seg utføre og gjorde Rembesdalsfossen til eit Niagara. På Fossli var det ingen som forstod kva han vasa om når han snakka om at Vøringsfossen var berre ein siklebekk mot den fossen han hadde sett.»

Det var isbreen som var årsak til naturkatastrofen. Vatnet frå dei tre Demmevatna (Nedre, Midtre og Øvre) på nordsida av bretunga Rembesdalsskåka renn naturleg under Rembesdalsskåka, ut i Rembesdalsvatnet og vidare i Rembesdalsfossen ned til Simadal. På 1800-talet og tidlegare vart vatnet frå Demmevatna i periodar stoppa av breisen, som då var mykje tjukkare. Vasstanden i Nedre Demmevatnet steig då så mykje at vatnet til slutt rann ut oppe på breoverflata. Vatnet skar etter kvart ei djup renne ned gjennom isen, slik at vasstanden gradvis minka att. Under tappinga tilbake til normalt nivå vart det ei langvarig høg vassføring i Sima, men ingen skadeflaum – før i 1893.

Denne sommaren kom den første katastrofesendinga frå Rembesdalsskåka. Oppdrifta i vatnet var då truleg stor nok til å lyfta bretunga. Vatnet pressa seg så fram under breen og opna raskt ein stor kanal. Etter 24 timar var Nedre Demmevatnet fullstendig tømt. Dette skapte ein veldig flaum i Simadal. Etter flaumen vart det sett i gang sprenging av ein fjelltunnel under Luranuten for å halda vassstanden i Nedre Demmevatnet under det som vart vurdert som faregrensa. Tunnelen var ferdig i 1899, og hindra nye skadeflaumar i 38 år.

10. august 1937 kom likevel flaumen på nytt, og denne gongen med ein intensitet som gjekk langt over flaumen i 1893. Denne gongen tok det ikkje meir enn tre og ein halv time å tømma Nedre Demmevatnet. Like etter vart det sett i gang arbeid med ein ny fjelltunnel, som ligg om lag 50 meter lågare enn den første. Denne tunnelen heldt unna for isens skadeverk heilt fram til 1980. Då vart det slått ein tunnel som tappar avlaupet vestover til Langevassmagasinet, som så gir driftsvatn til Sima kraftverk. Den eldste tappetunnelen er tørrlagd og byr på ei trygg vandringsrute langt inn i berget.

Mellom 1980 og 2014 låg vasstanden i Nedre Demmevatnet roleg og vatnet rann som det skulle over til Langevassmagasinet. Men den 25.august 2014 tømde Demmevatnet seg igjen under Rembesdalsskåka. Denne gongen vart det heldigvis ingen skadeflaum, då heile avlaupet vart fanga opp bak demninga i Rembesdalsvatnet. Same type uttapping gjentok seg i januar og i august 2016. Årsaka til desse uttappingane må vere at Rembesdalsskåka er blitt tynnare og vatnet kan lettare finne seg veg under bretunga. Statkraft har no laga ein sperredam som skal leia avlaupet fra Midtre og Øvre Demmevatna inn i tunnelen mot Langevassmagasinet viss Nedre Demmevatnet igjen skulle tømme seg.

Sima kraftverk vart fullført i 1980. 700 meter inne i fjellet sørvest i Simadal er det sprengd ut ein 200 meter lang, 20 meter brei og 40 meter høg stasjonshall. Kraftverket som eigentleg er to separate kraftverk, Lang-Sima og Sy-Sima, nyttar vatn frå to vassdragssystem med ulik fallhøgde. Den årlege kraftproduksjonen er om lag halvannan gong årsforbruket til ein by av storleik som Bergen. Sima kraftverk er ope for vitjing om sommaren.

  • Kart over områda kring Rembesdalsskåka.

Kart over områda kring Rembesdalsskåka. 

  • Simadal etter flaumen i 1937

Simadalen etter flaumen i 1937. (Normann)

  • Anundsen, K.1964.Kvartærgeologiske og geomorfologiske undersøkelser i Simadalen, Eidfjord, Måbødalen og tilstøtende fjellområder. Upublisert hovedoppgave, UiB.
  • Klæbo, A. 1942. Farlige fjell. Tell.
  • Liestøl, O. 1956. Glacier dammed lakes in Norway. Norsk Geografisk Tidsskrift XV/3–4.
  • Liseth, E. 1938. DNT Årbok.