• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Elektronmikrofoto av syklosporinsoppen Tolypocladium inflatum, forstørra 500 gonger

Elektronmikrofoto av syklosporinsoppen Tolypocladium inflatum, forstørra 500 gonger. (Novatis Norge AS)

GULLHØNA FRÅ HARDANGERVIDDA

Ein mikrosopp frå Hardangervidda har vorte den reinaste gullhøna for det sveitsiske storkonsernet Novartis. Overalt i verda leitar selskap etter arvestoff frå naturen som kan nyttast til utvikling av nye medisinar. Av og til lukkast dei.

I 1969 reiste biologen Hans Peter Frey saman med kona si på ferie til Noreg. På vegen frå Oslo til Bergen stoppa dei fleire stader på Hardangervidda, der Frey samla med seg ei rekkje jordprøver. Ein spesielt verdifull jordprøve vart innsamla ved Skiftesjøen, aust for Dyranut. Prøven viste seg å innehalda ein mikrosopp som fekk namnet Tolypocladium inflatum. Denne soppen produserer eit biokjemikal, syklosporin, som blir nytta i medisin til pasientar som har gjennomgått organtransplantasjonar. Medisinen motverkar kroppen sin trong til å støyta frå seg det nye, framande organet. Den industrielle framstillinga skjer ved dyrking av soppen frå Hardangervidda i store fabrikktankar.

Årleg brukar meir enn 1800 pasientar i Noreg og 200 000 i heile verda denne medisinen. I 1998 tente Novartis i overkant av ni milliardar kroner på produksjonen.