• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Austbu. Den søre gavlveggen har stått i meir enn 700 år.

Austbu. Den søre gavlveggen har stått i meir enn 700 år.

Gjennom meir enn ni tusen år og tre hundre generasjonar har fangstfolk søkt til traktene kring Hardangerjøkulen og veida rein. På Sumtangen kan me framleis sjå spora etter dei.

Inst i Finnsbergdalen, nokre få kilometer søraust for Hardangerjøkulen, ligg Finnsbergvatnet, 1190 meter over havet. På sørsida, litt vest for midten, stikk ein låg tange ut mot nord og snører vatnet av i eit 130 meter breidt sund. Her på Sumtangen finst kulturminne frå mange tidsaldrar - steinbuer, hustufter, buplassar og oppmuringar etter veidemenn som har drive reinsdyrjakt i desse traktene.

Ruinar av to steinbuer med overgrodde dyngjer av reinsdyrbein på utsida var det fyrste som vekte merksemda til oldtidsgranskarane. Ei gamal segn frå sørfjordbygdene fortel at det ein gong i tida skal ha vore drive ein svær reinsdyrfangst i sundet ved Sumtangen.  Dyreflokkar på trekk frå høgdedraga kring Hardangerjøkulen vart leida ned mot sundet gjennom korridorar av vardar eller stolpar og drivne på vatnet. Veidemenn i båtar rodde ut og drap dei, og drog dei på land og slakta. Steinbuene og beindyngjene skal vera spor etter denne reinsdyrfangsten.

W. F. K. Christie, grunnleggjaren av Bergens Museum, skreiv i 1842 ein artikkel om kulturminna på Sumtangen. Han meinte dei stamma frå dei første innbyggjarane i landet, eit ukjent ur-folk. Det vart starten på ei rekkje felt-ekspedisjonar og ein hundre år lang diskusjon mellom fagfolk.  Etter omfattande utgravingar i 1939-40 kunne Johs. Bøe, konservator ved Bergens Museum, slå fast, at steinbuene og beindyngjene mest truleg var frå yngre jernalder eller mellomalderen, men under dei fanst buplassrestar frå fleire steinalderbusetjingar med reiskap og bruksting av typar som var vanlege også i låglandet.     

Seinare granskingar har synt at det meste av beindyngjene er frå 1200-talet og byrjinga av 1300-talet. Mykje tyder på at her kan liggja restar av mellom 5500 og 7800 dyr. Det er grunn til å tru, at ikkje var lokale jegrar frå bygdene kring Vidda som stod bak denne fangsten, men kapitalsterke interesser i byane, folk frå høgtståande sosiale skikt som sikkert har hatt stor forteneste på rovdrifta i dei få ti-åra ho varde.

Dei to steinbuene, «Austbu» og «Vestbu», er mellom dei yngste kulturminna på Sumtangen. Eit lite steinkast lenger sør ligg restar av ei hustuft som er nær tusen år eldre, frå 200-og 300-talet av vår tidrekning. 

På eit høgdedrag like ved er det funne buplassar frå tida mellom 7400 og 5700 år f. Kr. med avfall og reiskap av kvartsitt og flint frå mange busetjingar. Her låg botnen av ei torvgamme, ein av dei eldste bygningane i landet. I skråninga nedanfor ligg ei tuft med raudbrende steinar frå matlaging og ei mengd pilespissar av skifer. På flata ved vatnet, vest for steinbuene, ligg tre små tufter, to av dei frå bronsealderen, den tredje bortimot tre tusen år eldre. I den vart funne ein pilespiss av rhyolitt frå fjellet Siggjo på Bømlo.

Funna frå Sumtangen vitnar om at folk frå mange kantar har søkt hit. Skiferspissane syner til nordlege reiskapstradisjonar. Brotstykke av slipte flintøksar tyder på samband med jordbrukskulturen på austlandskysten.

 

 

  • Kulturminne på Sumtangen.

Kulturminne på Sumtangen

1: «Austbu», ruin av steinbu frå mellomalderen (1200-1300-talet).

2: «Vestbu», ruin av steinbu frå mellomalderen (1200-1300-talet).
Kring tuftene ligg ei overgrodd dyngje med bein av fleire tusen reinsdyr, de fleste felt i andre halvpart av 1200-talet.

3: «Sørbu», hustuft frå yngre romartid, 200-300-talet, med beindyngje utanfor.

4: «Vestligste bu», steinring etter tuft, truleg frå bronsealderen.

5: Buplassområde frå eldre steinalder, brukt fleire gonger mellom ca. 9400 og 7700 år før notid.

6: Tuft etter grophus med torv-vegger, frå eldre steinalder, innanfor tida ca. 8600-8400 år før notid.

7: Hustuft frå steinalderen, innanfor tida ca. 6000-5700 år før notid.

8: Hustuft frå yngre steinalder, innanfor tida ca. 4700-4500 år før notid.

9: Hustuft frå bronsealderen, innanfor tida ca. 3300-3000 år før notid.

10: Groper med ukjend funksjon, matlaging?, røyking?, frå yngre romartid, 200-300-talet. Liknande groper finst i klyngjer fleire stader på Sumtangen.

11: Oppmuring på berg, mogleg skytestilling, kan ha samband med fangsten i mellomalderen.

12: Steinringar, ukjend funksjon og alder.

13: Steinrekkje av liknande slag som «sperregjerde» ved dyregraver. Har truleg samband med fangsten i mellomalderen.
 

  • 1700 år gamle bein og gevir av store reinsbukkar i avfallsdyngja utanfor Sørbu.

1700 år gamle bein og gevir av store reinsbukkar i avfallsdyngja utanfor Sørbu.

Svein Indrelid (2014). Oppdagelser på Hardangervidda. [222 sider. ISBN: 978-82-7326-108-3]