• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fjellsidene i Sysendalen

Bjørka kryp no oppetter fjellsidene i Sysendalen. (Helge Sunde)

SKOG PÅ VIDDA

Er du heldig, kan du finna 9000 år gamle furustubbar på Hardangervidda. Frå den tida og fram til i dag har skoggrensa jamt over krope nedetter. No er ho på veg oppover att.

Ikkje berre til fjells, men òg i kyststrøka kan vi frå tid til anna finna restar av gamle tre og buskar. Furu, eik og einer er vanlegast, dei står seg best mot rote, og held seg godt i myrar og tjørner. Opp mot fjellet er det for det meste funne fururestar, medan eik med heilt andre klimakrav er hyppigare i midtre og ytre kyststrøk.

Dei eldste og høgastliggjande funna av trestubbar på Hardangervidda er mellom 9500 og 9000 år gamle. Solid furu fanst då på dei beste veksestadene opp til 1200–1250 moh., men ikkje over heile Vidda.Sommartemperaturen var om lag 3 grader høgare enn i dag.

Kaldare og fuktigare klima sette inn, myrar vart danna,tregrensa kraup nedover, og den hardføre gråora vann terreng opp til 1100 meter. Sjølv om ein veit at det òg var kortare varmeperiodar, vart klimaet jamt dårlegare heilt fram til for vel 5500 år sidan. Men frå dei 200–300 åra som følgde, er det gjort mange stamme- og stubbefunn av furu. Funna har kome for dagen omkring 1000 moh. i fleire område kring Vidda, mellom anna i Veigdalen og på Hallamyrane sør for Sysendalen.

Dagens høgdegrenser i Sysendalen er for bjørka om lag 950 moh. og for furua noko lågare.Dette fortel om ei ytterlegare senking av skoggrensa. Det er fleire årsaker til dette, men jamt over blir kaldare klima, stølsbeiting og jernvinna rekna som dei viktigaste. Det er datert stubbar i Sysendalen frå tida kring jernvinna (frå 0 til 1000 e.Kr.), men òg frå dei siste to til tre hundreåra, frå den siste furuskogen på Hardangervidda (sjå ramma).

At bjørk og furu no er på veg opp att, har først og fremst samanheng med mindre fjellbeiting og nedlagde stølar og fjellgardar. Nokon meiner òg at skogen som kryp innetter dalane,tyder på varmare klima og drivhuseffekt. Det er vanskeleg å prova dette så lenge den naturlege tregrensa enno ikkje er nådd – beiting heilt fram til vår eiga tid gjer at dagens tregrenser mange stader framleis er kunstig låge.

  • Drift av blesteromn frå eldre jernalder

Drift av blesteromn frå eldre jernalder. Sjakta av brent leire vart fylt med ved, som fekk brenne til trekol. Røsta myrmalm vart fylt i frå toppen. Vi veit ikkje korleis dei til slutt fekk opp temperaturen slik at metallet sintra seg saman og slaggen rann ned i gropa under bakken.

  • Myrmal

Myrmalm: Ein viktig naturressurs i jernalderen

Storindustrien i Sysendalen i jernalderen var avhengig av to naturressursar: trekol frå bjørk eller furu som då voks i dei tette skogane i Sysendalen, og malm frå myrane. Jernvinna produserte myrmalm, resultatet av ein prosess der fleire forhold er avgjerande: berggrunn, grunnvatn, kjemiske reaksjonar og mikrobiologisk aktivitet.

 

Vanlegvis medverkar to hovudtypar av bergartar, fyllitt og granitt. Grensa mellom dei to blir kalla Det subkambriske peneplanet og er lett å sjå i terrenget som ei flat hylle, med granitten som underlag. Begge bergartane inneheld jern, men det er særleg svovelkisen (FeS2 ) i fyllitten som gir opphav til myrmalmen. Vatn som trengjer ned i sprekkar i fyllitten, løyser opp det kjemisk toverdige jernet frå svovelkisen. Grunnfjellet er relativt tett og fast, derfor strøymer grunnvatnet ut som kjelder på grensa mellom dei to bergartane. Den flate fjellhylla på grensa har dårleg avrenning. Høg grunnvasstand gjer at det dannar seg myrar der.

 

Når vatnet kjem ut frå sprekkane, blir det lettløyselege toverdige jernet oksidert i lufta til treverdig jern (Fe2O3). Sluttproduktet dannar tungtløyseleg rust som klumpar seg saman i myra til det vi kjenner som myrmalm. Bakteriar som nyttiggjer seg - jernet, er òg med på denne prosessen.

 

Jernet kunne først brukast etter at jernvinna var teken i bruk. Oppfinninga innebar at trekol frå kolmilene vart nytta i «blestergroper», som det finst mengder av i Sysendalen. I den godt tildekte mila vart det ufullstendig forbrenning av trekolet og utvikling av CO (karbonmonoksid). Dermed vart myrmalmen, som låg øvst, redusert til toverdig flytande jern (Fe). Dette produktet rann så ned i gropa.

  • Pollendiagram frå Fossli

Tømmerhogst på Hardangervidda i nyare tid?

Pollenanalyse og stubbefunn i myrar i Sysendalen fortel om furuskog på Hardangervidda opp gjennom mellomalderen og heilt inn i moderne tid, ein skog som brått vart vekke på slutten av 1700-talet (diagrammet). Då skogen forsvann, tok lyng, torvmose og molter over. Men både førekomsten av skogen og det at han vart borte, har vore vanskeleg å stadfesta i skrivne kjelder, med eit unntak: opplysningar som finst i dagboksnotat frå ei reise over Hardangervidda i 1821, forfatta av den seinare så kjende norske professoren Mathias Numsen Blytt:

 

«Vi havde Lyst til at besee denne mærkværdige Gjenstand (red.mrk.:Vøringsfossen), og fik tilfældigvis en Veiviser, en vakker 70-aarig rask Gubbe, der med sin Skræppe paa Ryggen og Stav i Haanden kom gaaende over Hølenbroe (…) Med vor gamle Mand drog vi langs Elvebredden til Fossen; og da vi havde Lyst til at see samme nedenfra, for, om det var muligt, at faae et Prospect af den, maatte vi dels klavre, deels glide ned ad et Tømmerløb, som var meget steilt, og derpaa henad nogle besværlige og for hovedsvimle Personer vistnok farlige Stier, indtil vi kom ned til Elven ligeover for Vandfaldet i nogle hundrede Fods Afstand.»

 

Opplysninga om tømmerrenna frå 1821 gir forskarane såleis eit viktig historisk haldepunkt for at det har vore skogsdrift i Sysendalen i nyare tid. Dette samsvarar godt med myrfunna, både pollenanalysen og stubbane. Etter alt å døma var skogen for lengst uthoggen i 1821, men renna var framleis farbar!

  • Gamle furustubbar i torva i Fetalii ved Garden

Gamle furustubbar i torva i Fetalii ved Garden. Stubbane ligg om lag ein meter ned i torva. Dei små hola er etter prøvar tekne ut for pollenanalyse. (Dagfinn Moe)