• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sysendammen

Sysendammen er godt synleg frå riksveg 7, 2–3 kilometer ovanfor Maurset, og kan i storleik samanliknast med Eidfjordterrassen. Dammen vart bygd i siste halvdelen av 1970-talet. Han demmer opp det tidlegare uregulerte Sysenvatnet frå 881 til 940 moh. når magasinet er fullt. Den landskapsarkitektoniske utforminga av Sysendammen vart i si tid mykje diskutert. NVE valde til slutt å ikkje så til damfronten med gras, noko som elles er ein vanleg metode for å dempa verknaden av store landskapsinngrep. Sysendammen skal også i framtida stå fram som det han er – eit menneskeskapt monument av stein.

  • Hillestad, K. O. 1988. Sysendammen og landskapet -88. Serien Kraft og miljø nr.15.NVE.