• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Deltaet ved utløpet av Storelvi i Granvinsvatnet

Deltaet ved utløpet av Storelvi i Granvinsvatnet. Massane som deltaet legg att når det byggjer seg ut i vatnet, blir til flatt og lettdrive jordbruksland. (Bjørn Moe)

FRÅ FJORD TIL FISKERIKT VATN

Etter istida nådde Granvinsfjorden heilt opp under Skjervsfossen. Knapt tusen år seinare, som eit resultat av landhevinga, rista den inste delen av fjorden av seg saltvatnet og vart til Granvinsvatnet. Trass i hevinga er vassvegen framleis farbar for fisk: Sjørøya vandra inn i Granvinsvatnet i nyare tid og vart til ferskvassrøye. Og laksen og sjøauren kjem seg 13 kilometer opp i Storelvi.

Storelvi byrjar om lag på 250 moh. ved Flatlandsmoen, ved vasskiljet mot Voss. Sideelvar frå områda nord og sør for Skjervet gir tilskot frå snørike fjellområde. Vassføringa er derfor god, sjølv i tørre somrar. Men vassmengdene gjennom dalen var mykje større på slutten av den siste istida. Avsetjingane av sand og grus gjekk då ut i Granvinsfjorden, som då var mykje lengre. Havnivået stod 95–96 meter høgare enn i dag. Under landhevinga vart det bygt ut lågare deltaflater ned mot det som først var ein fjord, men seinare vart Granvinsvatnet. Landet heva seg så mykje at Granvinsvatnet og Granvinsfjorden til slutt skilde lag, og dagens elveløp ut i fjorden var danna.

Den store deltaflata og deltaet ut i Granvinsvatnet, slik vi ser i dag, er såleis berre eitt steg i vandringa av elvemunningen ned gjennom dalen, ei vandring som har halde fram gjennom ti tusen år. Sjølve deltaet byggjer seg enno sakte utover i vatnet. Samstundes som deltaet byggjer seg utover, vandrar elva sidelengs over elvesletta; ho grev i sidene av elvebreidda og formar meandersvingar. I flaumperiodar kan det somme stader gå så fort i svingane at vatnet går over breidda og legg att sediment på den oppdyrka elvesletta.

Våtmarkene i deltaet husar eit rikt fugleliv og fleire sjeldne planter. Typiske vassfuglar i reservatet er raudstilk, enkeltbekkasin og strandsnipe. Våtmarka er òg ein god fiskeplass for gråhegren. Tidlegare fanst ein gråhegrekoloni på inntil 8 par i bergveggen ved Bjørnskor. I vass- og sumpvegetasjonen veks artar som takrøyr, sennegras, firling og sverdlilje. Granvinsdeltaet er ein av dei få veksestadene for istervier på Vestlandet.

Granvinsvatnet var ei tid kjent for godt røyefiske. Røya kom inn i det 3,6 km2 store og 98 meter djupe vatnet kring 1970. Fisken var truleg anadrom (innvandra frå sjøen), men vart seinare stasjonær. Det tok ikkje lang tid før han hadde formeira seg så mykje at det var grunnlag for eit omfattande næringsfiske. I 1980 vart det fiska opp 2 tonn røye. Men då var alt snittvekta på full fart nedover, frå 207 gram i 1978 til 129 gram i 1980. I 1993 var ho heilt nede i 60 gram. Dermed var grunnlaget for næringsfisket øydelagt. Sjøaure- og laksefisket i Storelvi har òg hatt ei negativ utvikling. Lakselusa har truleg mykje av skulda for at bestandane no er monaleg reduserte. Storelvi var tidlegare ei av dei beste sjøaureelvane i landet. Dei få laksane som måtte vera att, er freda.

Det finst òg godt med ål og aure i vatnet, forutan store mengder med trepigga stingsild. Sistnemnde er basiskost for silanda; kanskje lever den største ferskvasshekkande bestanden av siland i Hordaland ved Granvinsvatnet. Det vart sett ut ferskvasskreps i dette vatnet i 1968, men det er uvisst om arten har greidd seg.

  • Kjerveite med kjer. Frå Halvfjørdingen i Granvin

Kjerveite med kjer. Frå Halvfjørdingen i Granvin. Biletet viser ein gammal fangstmetode som no ikkje lenger er tillaten. Ein leidde fisk langs ei (kunstig) oppbygd veite og inn i eit kjer som var samansett av loddrette spiler forma som eit rundt kar. Fisken kom inn i kjeret gjennom ei trekt og fann ikkje vegen ut att. Øvre delen av kjerveita var gjerne oppbygd med strangar av hassel i flettverk mellom loddrette stolpar. Fisket gjekk føre seg når det var stor vassføring i elva. Før 1900 var det meir enn 20 slike kjer i bruk i Granvinselvi. (Nils T. Eide)

  • Silandhann

Silandhann. (Morten Vang)

  • Ved Seim, rett ovanfor Øvre Vassenden, ser vi tydeleg korleis elva har grave seg ned i terrassen i ein yttersving

Ved Seim, rett ovanfor Øvre Vassenden, ser vi tydeleg korleis elva har grave seg ned i terrassen i ein yttersving. (Inge Aarseth)

  • Haaland, S., Fjellheim, A.; Hobæk, A. 1983. Ferskvannsbiologiske undersøkelser i Granvinvassdraget. LFI, Zool. Mus., UiB, rapp. nr. 41.
  • Mæland, P. J. 1963. Kvartærgeologiske studier i området mellom Granvin og Voss. Upublisert hovudoppgåve, UiB.
  • Pedersen, F. H. 1982. Fuglefaunaen i Granvinvassdraget, Granvin og Voss kommuner, Hordaland. Zool. Mus., UiB, rapp. ornitologi nr.5.
  • Råd, O. 1980. Breeding distribution and habitat selection of Red-breasted Mergansers in freshwater in western Norway. Wildfowl 31:53–56.
  • Granvin herad.1994. Vassbruksplan for Granvinsvassdraget. Rapport,2 8 s. Haaland,S., Fjellheim, A.; Hobæk ,A. 1983. Ferskvannsbiologiske undersøkelser i Granvinvassdraget. LFI, Zool. Mus., UiB, rapp. nr.41.