• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lindeskog i Joberget

Lindeskog i Joberget. (Svein Nord)

Blømande lind er ei av naturens velsigningar: Nektaren gir klar honning. Blomen er nytta i folkemedisinen. Av lindebasten laga ein sterkt lindetau. Eldre menneske kan endåtil fortelja at dei tok varsel for vêret av linda. Lukta ho sterkt, kunne ein rekna med regnvêr. Linda veks oftast saman med alm, ask og andre treslag i edellauvskogar. Reine lindeskogar er sjeldnare. Granvin har Hordalands største lindeskogar, fleire av dei er verna, slik som skogen i dei bratte liane i Joberget.

Linda er eit av fylkets mest varme krevjande treslag og trivst derfor best i austlege strøk. Dei beste veksestadene for treet med dei hjarteforma blada ligg i bratt terreng oppunder sørvende fjellsider, frå fjorden og opp til om lag 300 moh. Det kan vera mykje lind der det er ur og rasmark, dette treslaget er spesialist på å meistra den bratte topografien i Granvin. Det er ikkje uvanleg å sjå stammer av lind som heng ut frå hyller og skorer i fjellet.

Økslingsevna er framifrå. Det veks opp nye linder frå røter og stubbar; til og med greiner som rører bakken, kan slå rot. På dette viset kan det bli ein heil skog av eit einaste tre. Dette er ein naudsynt strategi for å overleva, ettersom lindefrøa har svært dårleg spireevne.

Linda trivst best i næringsrik jord, men ho er sjølv ein god jordforbetrar. Lindeblada inneheld kalk, og sidan dei er tynne og skjøre, blir dei lett nedbrotne til god moldjord. Dyrka mark og frukthagar i Hardanger kan ha vore lindeskog før dei vart rydda. Lindeskogen har gjerne rik flora, med mange planter som er typiske i edellauvskog. Det kan likevel bli mykje skugge på skogbotnen, ettersom lindeskogen får svært tette trekroner. Har lindeskogen først slått rot, er det ikkje mykje som kan truga han. Trea kan bli mange hundre år gamle. Ved Utne veks ei svært gammal, freda lind som er heile åtte meter i omkrins. Ho ber namnet Kjellarlinda, og er blant dei tjukkaste lindene i landet. Men høg er ho ikkje, berre ti meter. Ettersom lind toler mykje luftforureining, greier ho seg godt i byar. Treet er mykje brukt som allétre, men blir òg gjerne planta som frittståande tre.

Dei gamle lindene er mest enkeltståande tre. Oftast er dei styvde, utan ei høg hovudstamme. Lindelauvet har vore samla til dyrefôr, men det var delte meiningar om fôrverdien. Dei styvde trea har i alle fall vore nytta til andre føremål òg. Linda er ein av våre viktigaste fiberplanter, og betre materiale til å laga tau av finst ikkje blant viltveksande planter i Noreg. Veden er lett og laus, utan særleg stor styrke, og bruksverdien som byggjemateriale er derfor avgrensa. Men til treskjering er den mjuke veden mykje nytta – og kniven lyt ikkje slipast så ofte som under arbeid med hardare treslag.

Lindeskog i Joberget

Lindeskog i Joberget. (Svein Nord)

Moskusurt

Vårplante i lindeskogen, moskusurt. (Bjørn Moe)

Vårskolm

Vårplante i lindeskogen, vårskolm. (Bjørn Moe)

Når linda blømer, er det høgsommar

Når linda blømer, er det høgsommar. (Bjørn Moe)

  • Nedkvitne, K.; Gjerdåker, J. 1997. Lind i norsk natur og tradisjon. Norsk skogbruksmuseum. Særpublikasjon 12.