• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gjestgjevarstaden

Gjestgjevarstaden er sett i stand att til sitt gamle bruk. Foto kring 1910 (T. Lofthus, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Lo. 266)).

SKYSSKIFTE OG GJESTGJERVARSTAD

I mellomalderen var bøndene pålagde skyssplikt. Bispane hadde krav på 18 hestar når dei reiste ikring på visitasferder, og kongen kunne krevja friskyss.

Mellom dei krav som den norske adelen stilte ved dei dansk-norske kongevala, var å få med i handfestingane at dei skulle ha friskyss på same måte som den danske. Både adel og embetsmenn fekk etter dette eit lettvint høve til å skriva ut friskyss, både for seg sjølve og for slekt og vener. I 1632 heiter det at «Graven under tiden er i besværing med førendskab af dennem som drager op og ned ad Voss». Skyssplikta vart nok ofte oppfatta som ei plikt, og då forordninga om skysstellet kom i 1648, vart det tilsett skysskaffarar som skulle tilseia dei skysspliktige bøndene i området. Slik «Tilsigelsesskifte» vart det på Eide, og mange stader vart skysstasjonen også pålagd å halda gjestgjeveri.

På 1600-talet heiter det om Eide: «Gravens Sogns Giestgiveri paa Eide Grund ved søen er Et ældgammelt Giestgiveri og Kræmmer Sæde». Den første gjestgjevaren vi kjenner, var Mads Rasmussen, som budde her i 1674. I 1716 overtok Olav Pyck gjestgjevarstaden og handelen, og staden var i hans slekt fram til 1852, då Kristi Kongstun selde det til Anders Jaunsen frå Bergen. Det var Jan Hansen Pyck som bygde gjestgjevarbygningen i første halvdel av 1800-talet. Våningshuset ved sida er bygt i 1852, medan Tingstova er flytta opp frå sjøen, der også sjølve handelsstaden med handelsbua låg tidlegare.

  • Granvin - Angr

Granvin – Angr – var eiga skipreide i mellomalderen. Bilete frå 1990 (Svein Nord).