• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Helleristningane på Bakko

EI ANNA «BRUDEFERD» I HARDANGER

Alle kjenner det vakre målarstykket «Brudeferden i Hardanger» av Tidemand og Gude, eit av dei store klenodia i Nasjonalgalleriet. Somme har i venleg respektløyse for dette nasjonalromantiske meisterstykket knytt nemninga «brudeferd» også til ei anna biletframstilling i Hardanger. Ho finst på garden Bakko i Herand, innhoggen i berg av ein ukjend kunstnar for kring 3000 år sidan.

Her er bilete av skip, ringar og geometriske figurar og – ulikt det ein elles brukar finna på vestnorske helleristningar – ei mengd bilete av menneske. Heile 23 menneskefigurar er funne på bergflatene på Bakko. Mellom desse er det fleire som er framstilte som par. Den kraftige kjønnsmarkeringa på den eine figuren i kvart par gjev lite rom for tvil om at det er mann og kvinne i kjønnsleg omgang bronsealderkunstnaren her ville syna. I nokre høve står fleire par etter kvarandre, mest som i eit slags opptog.

Ein kan gjerne undrast på kvifor slike motiv vart hogne inn i berget, tydeleg med tanke på at dei skulle vera synlege for folk. Var det «rampestrek» av same slaget som ein i vår tid ofte ser innrita på vegger i venteskur og offentlege toalett? Var det bronsealderens graffiti, eller kan det ha lege andre meiningar bak?

Somme granskarar finn det truleg at framstillingar som dette har med kultiske handlingar å gjera, og at desse handlingane høyrer til i ein krins av tankar og førestellingar som omfattar alt som har med avl og grøderikdom å gjera, i menneskelivet som i dyre- og voksterlivet.

Dei fleste av helleristningsfigurane på Bakko finst på to bergflater i eit dalsøkk, like nedanfor riksvegen.