• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå utgravinga i Hallgrimshelleren i 2005. Stativa vart nytta til å sikte materialet.

Frå utgravinga i Hallgrimshelleren i 2005. Stativa vart nytta til å sikte materialet.

Hallgrimshelleren ligg nær sjøen, berre 13,5 meter over havet, og er ein av dei større hellerane i fylket, ca. 25 meter lang og opptil ni meter høg. Funna herifrå, saman med C14-dateringar, har vist at han har vore nytta i mange omgangar frå byrjinga av jernalderen, ca. 500 år f.Kr., til slutten av mellomalderen, ca. 1550 e.Kr.

Helleren ligg berre 35 meter nord for gardshusa på Sævarhagen i bygda Herand i Jondal. Fram til år 2000 var han skild frå tunet med ei djup ravine og ei lita elv. Det året fjerna eigaren ein del massar frå helleren. Dei skulle han bruka til planering over bekken, som då var lagd i røyr. Slik kom dei arkeologiske funna fram i dagen, og helleren vart undersøkt av arkeologar i 2005 og 2006.

I dei djupaste og eldste jernalderlaga i helleren låg det pilspissar av stein. Metall var den gongen kostbart og vart helst brukt til større reiskapar og smykke. I laga frå seinare periodar av eldre jernalder var det slutt på steinreiskapane, men her fann arkeologane skar av keramikk, fiskesøkke, jernnaglar og slagg. Det var også bein som stamma frå landpattedyr i laga, både tamdyr og vilt, men også frå sel, fisk og sjøfugl. Dei som brukte helleren i desse periodane, utnytta derfor eit breitt spekter av matressursar; ein god del blei altså fortærte på staden. Dei dreiv også litt med smiing. Det er usikkert om desse menneska kom frå ein av gardane i Herand – som vi veit var godt etablerte i denne perioden – eller om dei brukte helleren som ein stoppestad på reiser langs Hardangerfjorden.

Funna frå slutten av mellomalderen var heilt annleise. Dei inneheldt store mengder trekol, slagg og brende bein. Innimellom låg det også bitar av jern og kopar eller bronse. Enkelte jernreiskapar kom også fram, blant anna ein spiss, ein krok og hovudet på ein hammar. Dette tyder på at helleren i denne perioden vart brukt som smie. Kanskje tilhøyrde han garden Sævarhagen ved at han var ein kombinasjon av eldhus og smie, slik som Holmefjordhelleren i Fusa. Men han kan også ha vore nytta som mellombels bustad av ein omreisande smed.

Helleren ligg lett tilgjengeleg ved turløypa som er rydda av Herand bygdelag. Langs løypa ligg og Vasselhelleren, Sævarhelleren og Olsteinhelleren.

Steinreiskap frå førromersk jarnalder. Pilspiss (1) og avslag (2) frå kvarts og flint (3).

Steinreiskap frå førromersk jarnalder. Pilspiss (1) og avslag (2) frå kvarts og flint (3).

Keramikk frå romertida og folkevandringstida.

Keramikk frå romertida og folkevandringstida.

Fiskesøkke eller vevlodd frå eldre jarnalder.

Fiskesøkke eller vevlodd frå eldre jarnalder.

Jarnreiskap (1-4) og koparbarre (5) frå seinmellomalderen.

Jarnreiskap (1-4) og koparbarre (5) frå seinmellomalderen.

Bergsvik, Knut Andreas, 2017. Caves and Rockshelters in Iron Age Coastal Norway – At the
Margins of the Society? I Semple, Sarah og Orsini, Celia (red.) Life on the Edge. Neue
Studien zur Sachsenforschung. Hannover, Hannover Museum Press, s. 317-334.

Bergsvik, Knut Andreas og Hansen, Gitte, 2015. Medieval Rockshelters in Western Norway -
Activities, Functions and Social Identities. Nordic Middle Ages - Artefacts, Landscapes and Society. Essays in Honour of Ingvild Øye on her 70th Birthday. UBAS, University of Bergen Archaeological Series 8. Bergen, Universitetet i Bergen, s. 49-76.