• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skulpturar i berget

SKULPTURAR I BERGET

I Herand er det opparbeidd ein fin naturstig. Han startar ved parkeringsplassen mellom oppgangssaga og kvernhuset i sentrum av bygda. Ein av attraksjonane langs stigen er nokre berghamrar som har tett i tett med små holrom. Holromma finst både under overheng og andre stader der berget er tørt, sjølv i regnvêr. Geologane kallar fenomenet tafoni (frå korsikansk). Danninga av holromma har samanheng med at salt som finst i vatn inne i bergarten, sprengjer seg veg når vatnet fordampar og saltet blir felt ut. I denne prosessen losnar tynne flak av steinen. Gropene blir til etter kvart som slike flak fell av lenger og lenger inne i berget. Der det er vått, vil saltet bli vaska vekk slik at berget ikkje får holrom.