• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Oppgangssag og sirkelsag

Både oppgangssaga og sirkelsaga er vassdrivne (Svein Nord).

Tveiti sag i Herand er truleg den siste vassdrivne oppgangssaga som har vore i ordinær drift heilt opp til vår tid. Det har stått oppgangssag her sidan 1700-talet, og på den andre sida av elva ligg det tufter etter ei enno eldre sag.

Det er ei fleirblada oppgangssag som står her, med plass til 8 blad i sagramma. På denne måten kan ein skjera ferdige bord av ein heil tømmerstokk om gongen; ei effektivisering av dei eldre, einblada oppgangssagene, som den på Stekka i Kvam. Tveitisaga har både oppgangssag og sirkelsag, drive av kvar sitt underfallshjul. Saga ligg like ved fjorden. Tidlegare var det både ein saghop og eit tømmeroppdrag framfor saga. Dette er i dag borte, fylt ut av massane frå bygginga av eit stort oppdrettsanlegg ved fjorden framfor saga; eitt av dei vanskelege kompromissa mellom vern og utvikling av nye arbeidsplassar. Til saga har det også høyrt ei «vassmerr»; eit stort vasshjul med kjetting som drog stokkane opp frå sjøen og saghopen. Oppgangssaga var i full drift til slutten av 1970, og leverte breie bord til båtbyggjarane. Dette er ein av grunnane til at oppgangssaga har vore halden så lenge i bruk i desse bygdene.

Tveiti sag er freda som teknisk kulturminne og vart gjenopna i 1992 etter restaurering. Det er skipa ei eiga stifting som held saga i drift. Material som vert skore her vert seld til restaureringsformål, mellom anna til Bryggen i Bergen.

 

  • Brekke, N. G. (1986) Tveiti sag i Herand, Jondal. Fortidsvern, 2, s. 34.