• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Norsk malurt

NORSK MALURT – FØRSTE INNVANDRAR ETTER ISTIDA?

Då realskuleeleven Arne Handegard i 1962 samla planter til herbariet, visste han ikkje kva for ein raritet han hadde fått mellom permane. 30 år seinare høyrde han eit botanisk føredrag, med biletframsyning av ei plante han drog kjensel på: «Norsk malurt, som i Noreg finst berre i eit stort område på Dovre og i Trollheimen, og i eit lite område i Ryfylke.» Arne Handegard rekte opp handa: «Planta veks i Jondal ved fjellet Jonstein.»

Ibyrjinga vart han ikkje trudd, men funnet vart seinare stadfesta av botanikarar. Jonsteinslokaliteten vart ei stor overrasking i fagmiljøa.

Norsk malurt veks altså på nokre få fjellområde, som ligg langt frå kvarandre. Eit interessant spørsmål er kvifor planta ikkje veks på mange andre karrige stader i fjellet, som har liknande vegetasjon som det vi finn ved Jonstein.

Vi kan best forstå denne utbreiinga ved å sjå attende på historia til planta. Under istida voks norsk malurt – kan henda i store mengder – på dei kalde steppene sør for breen som dekte Skandinavia. Etter kvart som isen smelta, følgde planta etter, og erobra den ferske, frilagde morenejorda. Ho kan ha vandra inn til Vest-Noreg frå Nordsjøen, som på den tida var tørt land. Då norsk malurt hadde slått rot som ein del av den første floraen, var det framleis mykje is i fjord- og fjellstrøka i fylket. Etter kvart vart klimaet varmt og dermed lite gunstig for pioneren. Skog og annan ny vegetasjon utkonkurrerte norsk malurt på dei fleste veksestadene. Men planta døydde ikkje ut overalt. Jonstein kan ha vore tidleg isfri, og den gongen var det kanskje spesielt gode vilkår for arten til å bita seg godt fast nett på denne lokaliteten. I så fall har norsk malurt grodd på same staden i nær 14 000 år.

Planta gjer ikkje så mykje av seg der ho står på skrinn jord, mellom steinar og grus eller i matter med heigråmose. Det er relativt mykje av henne innanfor eit avgrensa område. Dei tynne blada, som ligg lågt ned mot bakken, gjer henne likevel lite synleg. Berre frå nokre få planter veks det opp ein rak stengel. Stengelen ber korger der dei små gule blomane sit tett i tett.

Det ligg ei historie bak kvar einaste planteførekomst. Korleis kom planta til staden, og kor lenge har ho vakse der? Utbreiinga til norsk malurt, ein juvel i floraen, har vore diskutert av fagfolk langt utover landegrensene. Somme historier er meir interessante enn andre …

  • Moe, B.; Sætersdal, M.; Flatabø, G. 1994. Norsk malurt, Artemisia norvegica, funnet i Jondal i Hardanger. Blyttia 52:17–24.