• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sævarhelleren og Olsteinhelleren ligg under partiet med bergoverheng av grønskifer nord i bygda. Hellerane låg nær stranda då dei var i bruk, men ligg i dag 37 og 25 meter over havet på grunn av landhevinga

Sævarhelleren og Olsteinhelleren ligg under partiet med bergoverheng av grønskifer nord i bygda. Hellerane låg nær stranda då dei var i bruk, men ligg i dag 37 og 25 meter over havet på grunn av landhevinga. 

Nord i bygda Herand er det ei lang rekkje store hellerar. Mange av dei har funn frå forhistorisk tid; somme av desse er svært gamle.

Sævarhelleren og Olsteinhelleren i Herand var i bruk i eldre steinalder mellom om lag 7000 og 5000 f.Kr. I denne perioden levde menneska på Vestlandet av fangst og fiske, og det var ikkje uvanleg at dei søkte ly under berg med overheng. Eit anna eksempel på ei slik busetjing er Skipshelleren i Vaksdal. Arkeologiske undersøkingar i Herand i 2005 og 2006 viser at steinalderfolka kom frå øyane på kysten og at dei brukte hellerane i korte periodar i sommarhalvåret. Funnmaterialet består av både steingjenstandar, bein og skjel og tyder på at folk jakta i skogen, fiska i sjøen og sanka skjel på stranda. Under opphalda laga dei også reiskapar, som fiskekrokar og harpunar av bein og pilspissar og fiskesøkke av stein. Båtane drog dei opp mellom fjøresteinane like nedanfor buplassane. Då hellerane var i bruk, stod havet 20–30 meter høgare enn i dag. Hellerane ligg lett tilgjengeleg ved turløypa som er rydda av Herand bygdelag. Hallgrimshelleren og Vasselhelleren ligg og langs  denne løypa.

Fangst og fiske

Sævarhelleren og Olsteinhelleren følgjer etter kvarandre i tid og var i bruk i til saman 2000 år. Nokre viktige endringar fann stad i dette tidsrommet. Folk i den eldste Sævarhelleren jakta på elg og bjørn, medan hjortejakt var meir vanleg for dei som budde i Olsteinhelleren. I begge hellerane har dei brukt hund, og i begge er det funne bein av villsvin og dessutan av pelsvilt som mår og oter. Begge stader dreiv steinalderfolket fiske med beinkrok og snøre. Dei vanlegaste fiskeartane var torsk og sei. Storleiken på beina viser at fiskane var relativt små, mellom 30 og 50 cm lange. Mykje av fisket har derfor gått føre seg med stong frå svaberga eller frå båtar nær land. Nokre gonger har dei våga seg ut på djupare vatn; det er funne bein av både lange, brosme og til og med av stør. Makrellbein viser at folk har vore der om sommaren. I begge hellerane vart det funne tjukke dyngjer med skal av blåskjel og strandsniglar. Kva brukte dei desse blautdyra til; var det mat for folk eller agn til fiskekrokane? Kanskje var det begge delar.

Produksjon av reiskapar

Funn frå utgravingane gav ny kunnskap om handverket til steinalderfolka. Det vart funne ei mengd fiskekrokar, men det dukka også opp små tilhogne og slipte bitar av bein. Etter å ha studert dei i mikroskop, viste dei seg å vera halvfabrikat og kapp etter produksjon av fiskekrokar. Krokane vart laga av bitar av bein frå hjort eller elg. Beina vart først hogne til, og deretter drilla «beinsmeden» eit hol med eit bor av flint eller bergkrystall. Til slutt vart kroken forma og slipt med ei lita plate av sandstein. Før dei festa snøret, saga dei nokre hakk på stamma av kroken. Fiskekrokane frå eldre steinalder hadde ikkje mothakar, men alle beina av torsk i dei utgravne laga tyder på at fangstreiskapen verka.

Bronsealderfunn

Sævarhelleren var òg i bruk i eldre og yngre bronsealder, om lag 1800–500 f.Kr. I denne perioden budde det jordbrukarar fast i Herand. Botaniske granskingar frå Herandsvatnet og frå gamle åkrar viser at dei hadde tamdyr på beite. Bergkunstfeltet på Bakko er frå same tid som funna i helleren. Under utgravingane i Sævarhelleren dukka det opp ei grop som har vore nytta til koking av mat, og det var tjukke lag av kol og dyrebein i og rundt gropa. Dei fleste beina var av storfe og småfe, men fisk og vilt vart også ete på staden. Saman med beina låg det skar etter keramikk og avfall etter produksjon av flintreiskapar. I bronsealderen vart nok Sævarhelleren brukt som kvileplass eller til og med buplass for folk som kom frå bygda, sjølv om folk på reise langs fjorden også kan ha budd i helleren.

  • I eldre steinalder vart det meste av fisken fanga i sjøen utanfor hellerane.

I eldre steinalder vart det meste av fisken fanga i sjøen utanfor hellerane. 

Frå utgravingane av Sævarhelleren.

Frå utgravingane av Sævarhelleren.

Blåskjel, strandsnegl og fiskebein i lag frå Olsteinhelleren.

Blåskjel, strandsnegl og fiskebein i lag frå Olsteinhelleren.

Reiskapar frå Sævarhelleren. Øvste av to rekkjer (1-17) Fiskekrokar av bein. Nedste rekke (18-23) beinavfall etter produksjon av fiskekrokar.

Reiskapar frå Sævarhelleren. Øvste av to rekkjer (1-17) Fiskekrokar av bein. Nedste rekke (18-23) beinavfall etter produksjon av fiskekrokar.

10.	Reiskaper frå Olsteinhelleren. Over målestokken: Fiskekroker og fiskesøkke (1-17). Under målestokken: Avfall etter produksjon av reiskaper (18-21) og moglege garnnåler (22-24).

Reiskapar frå Olsteinhelleren. Over målestokken: Fiskekrokar og fiskesøkke (1-17). Under målestokken: Avfall etter produksjon av reiskapar (18-21) og moglege garnnåler (22-24). 

Bergsvik, K. A. 2016. Fiske i eldre steinalder på Vestlandet. Årbok for Universitetsmuseet i Bergen, 2016, 6-14.

Bergsvik, K. A., Hufthammer, A. K. and Ritchie, K., 2016. The emergence of sedentism in Mesolithic Western Norway: a case-study from the rockshelters of Sævarhelleren and Olsteinhelleren by the Hardanger fjord. In: Bjerck, H. B., et al. eds. Marine Ventures - Archaeological Perspectives on Human-Sea Relations. Sheffield: Equinox, 15-33.

Mehl, I. K. and Hjelle, K. 2016. From deciduous forest to open landscape: application of new approaches to help understand cultural landscape development in western Norway. Vegetation History and Archaeobotany, 25(2), 153-176.