• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sålesnes

HARDANGERSKIFER

I Jondal ligg landets eldste skiferbrot. Takheller har vore teke ut sidan slutten av 1700-talet, men steinbrotet er mykje eldre enn dette. Kvernurdi er nemnd i eit diplom i 1421, då Bård Sigurdsson på Torsnes gjennom eit forlik vart eigar. Alt då må det ha vore vanleg å hogga kvernstein der.

Så godt som alle skiferbrota i Hordaland brukar stein frå botnen av dei kaledonske skyvedekka, like over fyllitten, som så ligg over grunnfjellet. Alle desse skifrane er omdanna sandstein, berre ikkje sålesnesskiferen. Han er ein kraftig utvalsa granitt, ein granittgneis, som opphavleg inneheldt store krystallar av raud kalifeltspat, saman med kvarts. Men dei centimeterstore feltspatkrystallane vart svært reduserte i storleik under utvalsinga som skjedde under den kaledonske fjellkjededanninga. Restane etter nokre av krystallane er framleis å sjå som raude «augo» eller små «knutar» i skiferen. Elles har feltspatkorna i stor grad vorte omdanna til lys glimmer (kråkesølv). Den same omdanna granittgneisen kjem att på Hereiane, der litt meir av den opphavlege bergarten viser att. Omdanninga har ikkje vore like intens alle stader. Mellomalderens hardingar visste å velja den staden der omdanninga hadde vore sterkast, og som høvde best for skiferdrift.

Glimmerminerala er flakmineral som her har vakse i ei viss retning, og det er med på å danna grunnlaget for den sterke skiferstrukturen i fjellet. Slik omdanning frå granitt til granittgneis er typisk for skyvedekka på Vestlandet. Men sjeldan har det gått så langt som på Sålesnes, med så lite att av dei store feltspatkorna og med så mykje nydanning av glimmermineral. Denne brutale og gjennomgripande omdanninga gjekk føre seg på store djup. Det skjedde då berggrunnen var pressa ned i djupet og sterkt påverka av kreftene frå kollisjonen med Grønland. Presset fekk ujamn utløysing i fjellgrunnen, og granitten ved Jonahornet gav meir etter enn det som er vanleg andre stader.

Glimmergneisen eignar seg best som store, litt tjukke heller. Likevel har han vore mykje nytta til taktekking. Mest kjende er dei store, rektangulære takhellene, som er så vanlege i Hardanger. Men mindre takskifer har òg vore laga. I tidlege tider var kvernstein hovudproduktet, med baksteheller og tørkeheller som attåtgods. Sidan vart det utstrekt bruk av sålesnesskifer som fortaustein og kledningsstein, både i Bergen, Haugesund og Stavanger.

  • Hellebrotet
  • Raymond Walland kan den gamle kunsten å kløyva heller

Solesnesheller - "ein tung" eksportartikkel

Kring midten av 1800-talet og framover mot 1900 var solesnesheller ein av dei store eksportartiklane frå Hardanger. Ned til sjøen gjekk transporten på spesialbygde sledar og fraktefarten vidare vart det jekteskipperane som stod for. Det segla steinlasta jekter frå Hardanger, og særleg frå Jondal, kring heile kysten; nordover og sørover: til Jæren med steinheller og heimatt med poteter. Om arbeidet i helleberga i femårsmeldinga 1851–55, seier lensmannen i Jondal at mykje av steinen går til Bergen, Haugesund og Stavanger. Arbeidsstyrken er 30-40 mann, dei driv helst vår, sommar og haust, og dei tener «temmelig godt». Lensmannen i Strandebarm omtalar arbeidet i «Helleurdi» og seier at det er vanskeleg å skaffa drenger, fordi minst 40 husmenn, strandsitjarar og lauskarar frå bygda arbeider på Solesnes, frå mars til november.

 

I meldeprotokollane til Havnefogden i Bergen ser vi i 1896 at frå juli til november er det registrert 151 tonn heller, frakta på skøytene «Nornen», «Manger» og «Solesnes» og jektene «Brødrene», «Johanne Karine» og «Haabet». I 1904 er det frå mars til oktober registrert 269 tonn heller. Åra fram til 1910 var omfanget det same med opp mot 150 mann i sving i brotet på det meste. Det året vart det skipa ut frå Solesnes 5000 kvadratfamnar plattingsstein (fortausstein) og takheller. Fortenesta var bra, og med 25 prosent av salsinntektene i godtgjering gjorde grunneigarane òg gode pengar. I dag har vogntoga teke over for jektene. Men framleis syng hammaren i helleberget under Jonahornet.

  • Matpause i helleura, 1928

Helleurdi

«Hellebenkane» var sjølve arbeidsstaden der arbeidslaget braut ut hellene. Dei låg i «viker» oppover i urda. Når dei hadde skote laus ei skuffe, gjekk dei i gang med å kløyva skuffa med stålkniv; først i to, så i fire, så i åtte. Når alle flak var like tjukke, tok dei storhammaren og slo dei tvert av, så vide som hellene skulle vera. Deretter vart flaka finkløyvde til heller og kantslegne med setthamrar: store rastheller og smalare overliggjarar.

 

Dei gamle bergmennene i kvardagsbunad var eit syn: på hovudet ein sydvest eller ein gammal hatt, eit ullband om halsen og ei vid, sid ulltrøye full av steinmjøl i bringa og armane. Kvar fredag kom eigarane og kravde leigepengar, og laurdag tok arbeidarane på heimveg, om vêret var til å leggja ut i. Og når du møtte dei sundagsmorgonen ved kyrkja, i fine vadmålsklede, reinraka og kjemde, ville du knapt kjenna dei att. Dei var velstandsfolk, desse karane.

  • Hellelagde vegar

Hellelagde vegar

Vegane ned til fjorden var hellelagde og bukta seg ned lia. Her skreidde dei ned store lass med heller. Ved svaberget la jaktene heilt inntil. Store stigar låg frå land og ut på skipsrekkja. På desse drog dei hellene ut og firte dei ned i lasterommet: takstein, golvstein, fortaustein og trappeheller. I tunet ved fjorden er alle vegar dekte av gangheller.

  • På veg til kyrkje, på kaien på Solesnes

På veg til kyrkje, på kaien på Solesnes

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 424:23–50.
  • Ingdal, S. E.; Torske, T.; Kvale, A. 2000. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Jondal 1:50 000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Røyrane, E. 1999. Ei reise i Hardanger. Nord 4.