• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nausta på Svåsand

Nausta på Svåsand (Svein Nord).

Nede ved fjorden på Svåsand, like ved riksvegen, ligg ei lang naustrekkje; eitt av dei velhaldne eldre naustmiljøa langs Hardangerfjorden. Det er gardane på Svåsand som har sine naust her; fire hovudbruk i eit hopehav som går langt attende i tid.

Bygningane i gardstunet på Svåsand har også kulturhistorisk verdi. Ei av dei gamle røykstovene står framleis i tunet, og to fine tohøgda sengebuer, eit stabbur og eit eldhus. Dei to sengebuene høyrer til kvart sitt bruk. Fleire av bygningane vart flytta til nye tufter etter utskiftinga i 1933; det gamle fellestunet på Svåsand låg meir samla.

Røykstove og sengebu – dei to innhusa på garden – representerer ein av dei klassiske tradisjonane i byggjeskikken på Vestlandet. Røykstova – huset med den opne eldstaden – er bustadhuset gjennom 600 år, heilt fram til midten av 1800-talet i dei indre fjordbygdene. Sengebua, eller sengeloftet, er også ein bygningstype som går attende til mellomalderen. På 1600-talet får denne bygningen ofte nemninga glasstove; bygningar utan eldstad, ofte i to høgder, med små glasruter og plass til senger, kister og stasklede på loftet. I mange bygder har røykstova og sengebua stått i lag, i andre, som her på Svåsand, står dei kvar for seg. Og dyktige handverkarar har det vore her i desse fjordbygdene; husbyggjarar og båtbyggjarar. Fine detaljar i dører og listverk fortel om det gode handverket.

  • Kolltveit, O. (1943) Gjestgjevar- og handelsstaden Herandsholmen. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 1-17.
  • Storaas, A. (1969) Herandsholmen: ein minnekrans om min barndomsheim. Oslo.