• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Aksnesholmane

MÅSEKOLONIEN PÅ AKSNESHOLMANE

Det er ikkje spesielt mykje sjøfugl innover i fjordane på Vestlandet. Ikkje er det mange holmar heller, så om fuglane vil hekka, finn dei ikkje alltid gode tomter. På Aksnesholmane ligg like fullt ein imponerande måsekoloni, og staden har vore freda heilt sidan 1923.

Fiskemåsen har hatt problem mange stader på kysten, men på Aksnesholmane har det vore stabil hekking i ei årrekkje. Over hundre par hekkar her, men talet varierer nok ein del frå år til år, ungeproduksjonen òg. Minken har nemleg kort veg frå fastlandet, og mink kan vera eit alvorleg problem i hekketida. Kanskje er det for å unngå eggrøvaren at ein del av fiskemåsane på Aksnesholmane byggjer reir oppe i trea. Det er ikkje ofte vestlandsmåsane har utvikla ein slik strategi. Somme stader er truleg føremålet å hindra at reira skal bli råka av flaum, men slike problem plagar ikkje reirbyggjarane på Aksnesholmane.

Aksnesholmane er uvanleg frodige, og inne på holmane har det vorte meir av kratt og mindre tre dei seinare åra. Marka i aktive sjøfuglkoloniar får mykje gjødsel frå fuglane. Attgroinga kan fort bli så sterk at fuglane blir fortrengde. Ute på kysten kan dei gjerne velja ein annan hekkeholme i slike høve, men i Hardangerfjorden er ikkje det råd, ettersom det mest ikkje finst andre holmar i nærleiken. Det har derfor vore rydda noko skog og kratt på Aksnesholmane dei seinare åra.

Nokre titals par makrellterner hekkar òg på holmane, forutan nokre få tjeldpar. Også andre kystfuglar, som siland og småspove, er stundom å sjå.

  • Byrkjeland, S. 1999. Status for hekkande sjøfugl i Hordaland 1980–1998. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/1999.