• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Oppgangssag

Oppgangssag (teikning: Bernt Kristiansen)

STEKKA - OPPGANGSSAGENE I TØRVIKBYGD

Nede ved fjorden, på garden Berge i Tørvikbygd, ligg Stekkavika – ei lun, austvend hamn, skjerma mot fjorden med nes og holmar, slik sjølve namnet fortel om. Her finn vi eit innhaldsrikt sjøbruksmiljø, med naust og sjøhus som høyrer til gardane Berge, Heradstveit og Halleråker. Til garden Berge høyrer også kvernhus, sirkelsag, verv for jektebygging og – litt oppe i skogen – den gamle, vassdrivne oppgangssaga.

Oppgangssaga i Stekka er ei av dei få sagene som er att av den einblada typen. Saga vart bygd i 1823, men det har stått sager i Tørvikbygd lenge før dette. I skattemanntalet for 1603 finn vi desse sagene nemnde: Drage sag, som har skore 150 bord og plankar, og Augastad sag, som «ligger slett øde». Augastadsaga har truleg stått ved det same vassfallet som den noverande saga i Grindfossen, omlag 20 minuttars gange opp i utmarka frå Augastad. Etter at denne saga kom ut or drift i 1950-åra, er det berre oppgangssaga i Stekka, høyrande til dei to bruka på Berge, som har vore halden i hevd.

Då oppgangssagene kom i bruk på 1500-talet, revolusjonerte dei mellomalderens måte å øksa til plankar og bord av tømmerstokkane. Kvar tømmerstokk vart kløyvd og kunne såleis berre gje to bord; «tiler». Med dei nye sagene kunne det skjerast mange bord av ein stokk. Tørvikbygd har frå gammalt av vore rik på furu- og eikeskog, så det er naturleg at sagene har vore lenge i bruk her

  • Oppgangssags tekniske prinsipp

Funksjon og teknikk

  • Stekkavika

Oppgangssaga og båtbyggjarane i Stekka

  • Eik, Berge

Berge landskapsvernområde

  • Tveiten, O. (1986) Ein levande tradisjon: oppgangssagene på Stekka og Grind i Tørvikbygd. Fortidsvern, 2.