• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gruvehol i lia ved Froastad

Gruvehol i den bratte lia ved Froastad.

RÅSTOFF FOR MUSIKK – OG MOT MOSKITO

Sør for Gravdal er det ein spesiell bergart, som mellom anna inneheld små fibrar av mineralet amfibol (tremolitt). Om lag 4000 tonn av bergarten vart brote, knust og nytta i framstillinga av grammofonplater under siste verdskrigen. I dag er berre sjølve holet att etter drifta, som tok slutt tidleg i 1970-åra. Og kanskje nokre gamle grammofonplater?

Også ved Froastad i Fyksesund har det vore drift på liknande bergartar. Frå tidleg på 1900-talet vart det drive ut serpentin og talk her. Råstoffa har vore nytta til mangt, frå såpe til vegdekke, og etter krigen til takpappsand av finnane i samband med krigsskadeoppgjeret med russarane. Ein annan og noko uvanleg bruk av talken gjekk føre seg i byrjinga av 1950-åra. Klumpar av DDT vart importerte og kløyvde med øks. I mølla ved fjorden, i Høyvika, vart hoggen DDT blanda og malen saman med talk og sagflis, og deretter eksportert til Tyrkia. Der nytta dei blandinga mot moskitoplaga. Det vart berre ei skipslast, men lukta av DDT skal ha halde seg lenge etter at drifta av mølla og gruvene slutta i 1968.