• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Garden Håbrekke

Garden Håbrekke ligg nord for Strandebarm prestegard, eit stykke frå riksvegen; lett kjenneleg med ein halvannanhøgda engelskraud hovudbygning. Dette var sjefsgarden, embetsbustaden til kommandanten for Strandebarm Kompani av Det Søndhordlandske Nationale Musketerkorps på 1700-talet. I perioden 1834–1866 var den militære sjefsgarden lagd til Tangarås, der Kinckfamilien seinare flytta inn. Hovudhuset på Håbrekke vart truleg bygt i byrjinga av 1700-åra og vart standsmessig utstyrt. Bygningen vart freda i 1924.

Det er ikkje tilfeldig at Det Søndhordlandske Musketerkorps heldt til i Strandebarm. Desse bygdene høyrer kulturgeografisk til Sunnhordland. Grensa mellom Hardanger og Sunnhordland futedøme gjekk i 1647 mellom Vikingnes og Torsnes. Strandebarm, Varaldsøy og Mauranger høyrde til Strandebarm skipreide.