• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter er eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. Som besøkande ved senteret kan ein sjå smed, båtbyggar og reipslagar i arbeid.

Hardanger fartøyvernsenter vart stifta hausten 1984, med stønad frå åtte hardangerkommunar og mange privatpersonar. Stiftinga skulle kombinera fartøyvern med sosialfagleg ungdomsarbeid. Hardangerjakta SJ Mathilde var fyrste prosjekt ut. Båtbyggjarar og ungdomar gjekk i gang, og etter 50 000 arbeidstimar var jakta igjen seglingsklar.

I dag omfattar fartøyvernsenteret fleire verkstader; smie, reiparbane, småbåtverkstad, eit båtbyggeri - og fleire fartøy. Senteret driv òg leirskule, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vidareføring av handverkstradisjonar. 40-50 personar arbeider fast ved senteret. Sidan 2006 har senteret vore ei avdeling ved Hardanger og Voss museum.

Ved Hardanger fartøyvernsenter vert verna fartøy restaurert etter retningslinjer frå Riksantikvaren. Men det vert også gjort ordinære reparasjonar og ombygging på ikkje-verna fartøy. Spesialområde er kravell- og klinkbygde trefartøy og trebåtar, men også stålfartøy er innom senteret for å få gjort trearbeid, som t.d. dekkslegging og innreiing. I tillegg til sjølve handverksarbeidet vert det utført dokumentasjons- og prosjekteringsarbeid, tilstandsvurderingar, kostnadsoverslag og andre utgreiingar i samband med store og små prosjekt.

Smeden lagar alle slags beslag til båtar og fartøy, frå små rorbeslag og saum til store jernkne. Verktøy som økser, høveltenner, slagverktøy, drivjarn m.m. vert også smidd her. I rigg-prosjekt er det eit tett samarbeid mellom riggar, reipslagar og smed. Til bygningsvernprosjekt blir det smidd spikar, vindubeslag, rekkverk og ulike typar spesialverktøy.

Hardanger har vore eit kjerneområde for båtbygging i fleire hundre år. I småbåtverkstaden vert det bygd tradisjonelle, klinkbygde båtar frå Hardanger. Verkstaden utfører òg oppmåling og tilstandsvurdering av eldre båtar, og istandsetjing etter antikvariske retningsliner. Småbåtverkstaden held kurs i ulike tema knytt til handverket.

Reiparbanen er i full drift, og er ein av få stader i Europa der ein kan sjå korleis tau vart laga i før-industriell tid. Senteret tilsette den fyrste reipslagaren i 1995, og bygde bana i 1997. Sidan starten har fleire reipslagarar vorte utdanna her og bana produserer tauverk til båtar og fartøy i inn- og utland.  

Senteret er ope for gjestar heile året.

  • S/J Mathilde

S/J Mathilde

Mathilde vart bygd på Ølve i Kvinnherad i 1884. Jakta er eit dekksfartøy med kombinert gaffel- og råseglrigg, med stort lasterom midtskips, og ein karakteristisk akterspegel. Under dei store silde­innsiga på 1800-talet, vart det bygd svært mange fartøy av denne typen, etter påverknad frå Holland og Danmark. I 1865 var det 245 segl­fartøy i Hardanger. Det er rimeleg å tru at dei fleste av desse var jakter. Mathilde gjekk i nordlandsfarten på torskeoppkjøp, og i vanleg fraktfart i 100 år. Ho vart ombygd til motorjakt kring 1940. 

No går SJ Mathilde turar med turistar, seglinteresserte og ulike grupper om sommaren. Vår og haust er ho maritim leirskule, og går med kulturelle arrangement, som til dømes museums- og kunstutstillingar, drama og konsertar, i fjorden og langs kysten.
 

  • Frå Hardanger fartøyvernsenter

Fartøyvernsentra i Noreg

Hardanger fartøyvernsenter er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. Dei tre sentra skal utføra dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy, og sikra maritim handverkskompetanse. På Hardanger fartøyvernsenter og ved Nordnorsk fartøyvernsenter i Gratangen arbeider ein med å vidareføra handverkskunnskap knytt til fartøy av tre, medan Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand har hovudoppgåva si knytt til stålskip.

Skipssmeden Seppe

Skipssmeden Seppe

Båtbyggarane festar dampande bjelkeveggar på Arnafjord.

Båtbyggarane festar dampande bjelkeveggar på Arnafjord.

Båtbyggar Peter Helland-Hansen og lærling Josefine med nybygd og rigga færing.

Båtbyggar Peter Helland-Hansen og lærling Josefine med nybygd og rigga færing.

Reipslagar Ingunn Undrum

Reipslagar Ingunn Undrum